• 129724-1

    kulturminneid
    • 129724-1
    lokalitetid
    • 129724
    informasjon
    • Eit midtfragment av ei mikroflekke av flint og eit fragment av ei ubestemd type kjerne i mylonitt vart funne. Funnmaterialet synes ikkje å vere varmepåverka eller vassrulla. Stratigrafien bestod av eit ca 60 cm tjukt torvlag etterfølgt av eit brungrått sand/gruslag. Funna vart gjort i nedre del av dette laget. Vassig øydelagde sidekantane i prøvestikket slik at funnkonteksten er uklar. Med bakgrunn i råstoffbruken og førekomsten av mikroflekketeknikk vert lokaliteten gjeve ei datering til overgongen seinmesolitikum - tidligneolitikum. Tek ein utgangspunkt i strandlinjekurvene for området så vil lokalitetens plassering på 10 m.o.h tilsvare ei datering til ca 5000 BP. Slik sett samsvarar den typologiske dateringa og strandlinjedateringa godt.
    kommune
    • Fjaler
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2009-09-22T16:18:08Z