• 134684

    kulturminneid
    • 134684
    lokalitetid
    • 134684
    informasjon
    • Strukturane synes klart avgrensa til sjakt 7 mellom sjakt 6 og 8 og ligg på ei naturlig flate. Sjakt 7 var 70 m lang. Dyrkingslag og ardspor var synlig frå 8-25 m og ei kokegrop låg inntil profilkanten i S ved 19 m. Kokegropa vart C14 datert til 510-380 BC (yngre bronsealder-førromersk jernalder). Frå 27 m var det mykje stor jordfast stein. Undergrunnen var gulbrun grusblanda sand. Fleire store steinopptrekk fylt med dyrkingsmasse var klart synlige og syner at flata har vore rydda med tanke på oppdyrking. Det vart påvist to klare dyrkingslag under matjorda. Frå 25-45 cm var eit lyst brungrått sandblanda organisk lag med noko kol. Mellom 45-55 cm var eit mørk grått kolhaldig sandblanda lag. Det vart teke kolprøver frå begge dyrkingslaga. Det nederste laget er C14 datert til 510-380 BC (førromersk jernalder).
    kommune
    • Sunnfjord
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2010-02-26T09:02:39Z