• 66463-1

    kulturminneid
    • 66463-1
    lokalitetid
    • 66463
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Helleren er 8 m brei og 12,5 m djup frå dråpefallet og inn til bakveggen. Veggene i helleren er nær på loddrette. Helleren er orientert NV-SO. I austre del av bakveggen er det ein 3 x 2 m vid opning der helleren held fram nedetter i nær på 45 grader skråning som ein tunnel. Framfor dråpefallet ligg ein del steinar og blokker og ein jordhaug, truleg dei utgravne massane, på ei ca. 10 m vid flate. Framanfor her går det bratt ned mot sjøen. Beskrivelse fra Enkeltminne: Funnkartet nr. 1. Sameige. "Dollsteinshola", ein heller midt i søre vegg av Dollsteinen, 69 m o. h. (H. Kaldhol). Ved prøvegraving 1917 (Olav Espevoll) vart funne nokre udaterte saker. Espevoll grov ved nordre vegg, sakene låg under 80 cm sauemøk og to tynne kolstriper med eit hardt, ljost lag imellom. B 6942, B 8859. Vidare gravingar 1951, 1953-54 (Erik Hinsch), i alt 40-50 m2 (om lag helvta), Kulturlaget tjukkast i ytre del, ca, 70 cm avfall og måltidsrestar: skjel, dyre -, fugle - og fiskebein, kol, oldsaker. Her var minst seks eldstader. Tre skilde lag: Øvst frå yja. eller seinare, med kolgroper og eldstader, med bein, skjel, flint og ei jarnpil, I midtlaget: bein, skjel og flint. Nedst slipt steinøks, hjarte-forma flintpil, tilarbeidd bein og flint, husdyrbein. B 12522, B 12524 Reusch har elles gitt ei skildring med bilete i Naturen 1877 s. 1 ff. fig. 1, 4, 5, 6. Innst i hola er bygd ein varde på ein stor flat stein, sml. Orkneyinga saga.
    kommune
    • Sande
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2020-10-14T15:03:40Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:36Z