Feltet har ei utstrekning på 70-80 m NV-SA, 20-25 m NA-SV.Feltet inneheld 2 hustufter, 1 sikker og 2 moglege nausttufter. Lengst i SA:Tuft 1. Ho ligg på ein bakkekam, er rektangulær og orientert NA-SV. Til dels uklårt markert. Tufta er nedskoren i bakken. Ho er svært tilgrodd, veggene viser seg som graskledde vollar. Ein skiljevegg med døropning midt i deler tufta i to rom. Mål: S-rom har ei lengde på ca. 2,5 m, N-rom ca. 1,5 m. Skiljeveggen er ca. 0,5 m tjukk og 0,3 m høg. Døropningen i skiljeveggen er ca. 0,7 m brei. Dei ytre veggene er ca. 1 m tjukke, 0,3-0,5 m høge. Utvendige mål av heile tufta: Lengde ca. 6,5 m, breidde ca. 5,5 m. Tuft 1 tykkjest å vera rester etter eit hus bygd av stein/torv.Tuft 2. Ca. 2 m NV for tuft 1 ligg tuft 2. Ho er rektangulær, orientert NA-SV. Uklårt markert, lite synleg. Tufta er heilt tilgrodd med gras og lyng i det indre. Golvet ligg høgare enn marka ikring. N-halvdel av begge langveggene er mest heilt overgrodde, medan ein god del stein er synleg i S-halvdel av langveggene. S-kortvegg er mykje utrasa og delvis overgrodd. N-kortvegg er vanskeleg å fylgja, tykkjest vera fjerna. Mål: Veggene er ca. 1 m tjukke og 0,3-0,4 m høge. Utvendige mål på tufta: Lengde ca. 6 m, breidde ca. 5 m. Denne tufta tykkjest å vera restar av eit tømra hus.Ca. 3 m NV for tuft 2 går ein mur ca. 4 m NV-SA, så i rett vinkel ca. 2,5 m NA-SV. Muren er ca. 1 m tjukk og ca. 0,3 m høg. Det er mogleg at dette er ei tredje tuft.Nausttuft. 6 m S for S-hjørnet av tuft 1 ligg ei nausttuft, orientert NA-SV. Klårt markert, godt synleg. Nausttufta er skoren inn i bakken. Ho er heilt overgrodd i det indre. Nokre spreidde steinar utgjer veggene. Mål: Kortveggen i N er ca. 1 m høg. Langveggene skrånar jamnt med bakken. Høgde i N er 1 m, i S ca. 0,4 m.Ca. 10 m NV for nausttufta ligg mogeleg ei anna nausttuft. Svært uklårt markert, lite synleg. Heilt overgrodd. Det er svært vanskeleg å fylgja murane, ein del spreidde store steinar er mogelegvis restar etter muren. Mål: 1engde ca. 10 m, breidde ca. 5 m.I V-legaste del av vika, 30-40 m V for hustuftene, ligg restar etter kanskje ennå ei nausttuft. Her ligg ei låg steinrekkje i ei lengd av 7 m, orientert A-V. Steinrekkja er mykje tilgrodd. Det er vanskeleg å få inntrykk av om det kan vera meir i området.Tradisjon: Desse tuftene skal vera det første området som vart rydda i Tungevågen. Her har ikkje vore dyrka etter 1915.