• 66473-1

    kulturminneid
    • 66473-1
    lokalitetid
    • 66473
    informasjon
    • Røysa f k.nr. 2/1 er ei langrøys, 4,5x4 m vid, 0,5 m høg. Røysa har opphaveleg vore lengre. Den er no skadd i nordaustre ende. Steinane er her truleg brukt til å byggje steingjerdet som går i kanten på røysa. Røysa er mosegrodd, men over det heile stikk det opp 10-30 cm store steinar/blokker.På røysa veks 5 store bjørketre.Røysa fk.nr. 2/2 ligg ca. 1 m SSV for nr. 1. Den er ca. 5 m i tverrmål og ca. 0,75 m høg. Ho er bygd av 10-50 cm store mosegrodde steinar/blokker. Røysa er utkasta i søre del. På røysa veks eit rognetre.Fk.nr. 2/3 er ein haug 2 m SV for nr. 2. Den er 12 m i tverrmål og har om lag 1 m høge, konkave sider. Haugen har tydeleg fotkjede av ca. 20-50 cm store steinar/blokker og på austre side stikk det 10-50 cm store steinar/blokker i dagen. I toppen er det eit ca. 2 m vidt søkk. På haugen veks tre store bjørketre og noko orekratt.Røysa fk.nr. 2/4 ligg 3 m V for nr. 3. Den er vel 8 m i tverrmål og 0,75 m høg. Røysa er flat og har fotkjede som er synleg enkelte stader, særleg i søre kant. Her og der stikk 10-40 cm store steinar/blokker i dagen. I midten er det eit om lag 2 m vidt og 0,5 m djupt søkk. Røysa er grasgrodd og rundt kantane veks nokre oretre.
    kommune
    • Ålesund
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:37Z