Helleren er 5 m brei, knapt 3 m djup og godt 3 m høg i framkant. Inst inne ligg det store steinblokker og helleren er naturleg avgrensa av ein stor blokk i N og S. Sjølve hellergolvet som er kring 5x2 m er heller flatt og grasvakse. Framanfor helleropningen går det ei godt 2 m høg, bratt skråning ned mot dalbotnen. Ved foten av denne skråninga ligg det 3 store steinblokker.Det vart teke eit prøvestikk i hellergolvet. Rett under grastorva kom ein ned på eit tørt kolholdig lag av finsand og jord. Dette laget var ca. 20 cm tjukt.I prøvestikket vart det funne 2 flintavslag og 7 avslag av kvarts.