Feltet er orientert NNO-SSV og måler 80 x 45 m. Den nordlegaste av røysene (Fetts fk. 2/4) er ei langrøys som måler 12 x 5 m orientert, orientert ONO-VSV. Ho er heilt låg, nærmast berre ein rest. I midten av røysa er ei kiste av kantsette heller som stikk i dagen. Kista er rektangulær og måler 2 x 0,75 m, orientert ONO-VSV. Den lengste av hellene er 1,20 m lang, 0,2 m på det breiaste og stikk 15 cm over overflata. Ei stor eik står oppe i sjølve kista. Elles er røysa overgrodd med gras, berre nokre få steinar/blokker, 0,2 - 0,3 m store, stikk i dagen. Røysa er noko utkasta i S. 35 m SSV for langrøysa ligg ei anna røys (Fetts fk. 2/3). Ho måler 8-9 m i tverrmål, er bygd av steinar/blokker 0,1 - 0,5 m store og er heilt låg. På røysa veks det 2 eiketre og mykje lauvkratt, elles er røysa sterkt gras- og bregnevaksen. Ho er uklårt markert. 2 m V for denne røysa ligg ei anna røys. (Fetts fk. 2/2). Røysa ligg heilt øvst på ein topp. Ho måler 16 m i tverrmål og er opp i mot 1 m høg. Røysa er sterkt overgrodd med gras og lauvkratt og det veks og ein del eiketre på ho. 8 m V for denne røysa ligg ein haug (Fetts fk. 2/1). Haugen måler 7 m i tverrmål, er temmeleg låg, og fell bratt av mot N og V. Haugen er tilgrodd med mose, gras og lauvtre.