Haugen måler ein stad mellom 7 og 15 m i tverrmål, og er særs dårleg markert. Høgde er særs uviss då ein fleire stader kjem bort i berg som stikk i dagen. Elles er haugen grasvaksen med nokre spreidde steinblokker, 0,3 - 0,6 m store, stikkande i dagen. I nordaustre del av haugen og langs kanten i NV veks det mykje eikekratt.