Granskogen er så tett at her i dag er mest uframkomeleg. Under registreringa kunne berre ei røys påvisast, mest truleg fk. 3/1. I fylgje Fett skal her vera 3 røyser som ligg på line N-S. Røysa fk. 3/1 er i fylgje Fett 8 x 5 m, orientert N-S, og låg. Vestre del og midten er opprota. Røysa fk. 3/2 skal liggje på ein knatt 20 m N for fk. 3/1. Ho er 5 m i tverrmål, låg og jordblanda. Røysa fk. 3/3 skal liggje 25 m N for fk. 3/2 på ein lågare avsats 15 m frå stranda. Ho er 6-7 m i tverrmål, låg og overgrodd. Truleg er det berre røysbotnen som ligg att.