Haugen er om lag 10 m i tverrmål og 0,75 m høg. Ein kan ikkje sjå stein i dagen, men nokre stader midt på haugen kan ein kjenne dei under grasdekket. Det vart og nemnt av grunneigaren at dei kom ned på turr røysstein då dei sette opp flaggstonga på haugen for nokre år sida. Vestlege del av haugen er gjennomskoren av ein skogsveg. I skjeringa ligg ein stor jordfast stein, men elles kan ein ikkje sjå noko her. På haugen veks nokre bærbusker og anna kratt. Han er dårleg markert og ikkje særleg tydeleg i terrenget.