Hustufta Fetts fk. 6/1 ligg på ei hylle i berget 50 m NV for Gulenakkjen, om lag 10 moh. Her ligg store steinar i ein firkant saman med bergveggen, 8 x 4 m. Hustufta fk. 6/2 ligg på ei hylle N for Gulenakkjen, om lag 15 moh., 5 x 5 m i firkant, vestveggen har steinar i fleire lag. Her er og andre steinrader. Hustufta fk. 6/3 ligg 15 m O for fk. 6/2, 4 x 4 m. Hustufta fk. 6/4 vert markert av store steinar som ligg noko spreidde i firkant på svaberget 15 m O for ytste Gulenakkjen, nær sjøen. 5 x 5 m. Tolkinga som tuft er ikkje heilt viss. Inst i vika V for Gulenakkjen ligg båtopptrekket fk. 6/5.