Her er ingen sikre spor etter åkrar eller hustufter. Men på ein låg bergrygg som går aust-vest midt etter daldraget, ligg det ei tørr flate som er 20-30 m lang og 10 m brei. Flata er grasgrodd med berg i dagen på sidene. Her fortel Arne Asphaug at bestemora meinte at husa på øydegarden skulle ha stått. Staden ligg ca. 100 m vest for det punktet der bekken frå Kvernavatnet kryssar daldraget.Det er som nemnt, ikkje mogeleg å sjå spor etter hustufter her og området verkar svært lite som eit øydegardsområde. Men i skriftlege kjelder (NRJ IV 475) er omtala "Seilstad med Heyde øde" (sjå Rygh, bd.XI, side 263) og saman med lokalnamnet Øyjorda, som lever i den munnlege tradisjonen, er det tenkeleg at det verkeleg ligg ein øydegard her.