Hustufta Fetts fk. 5/1 ligg på flata øvst i skardet. Her er det planert med grov kantstein i 3 x 3 m. Her er det funne to fragment av kleberkar og to skår av kleberstein. Tett attmed bergveggen i N, 3 - 4 m nedanfor hustufta, er det funne fem garnsøkke av kleberstein. Den opne lokaliteten fk. 5/2 ligg som ein lyngberr, grasgrodd flekk på ei hylle litt høgare og 10 m S for fk. 5/1, om lag like stor. Her vart funne åtte avslag av flint, men også tre veggfragment av kleberkar. Båtopptrekket fk. 5/3 ligg nede i skardet langs søre sida. Opptrekket går om lag O-V. I dag er her tilkomst berre på flo sjø.