Helleren er kring 9,5 m lang ved dråpefallet og 1,6 m djup. Høgda frå golvet til overhenget ved dråpefallet er kring 3 m. Golvflata er noko ujamn og blir avgrensa av opp til 0,5 m store blokker som ligg nedanfor berget i N og S. Utanfor hellergolvet skrår lendet noko ned mot eidet. Her ligg opp til 0,9 m store blokker. Hellergolvet er overvakse av nesler. Det blei tatt prøvestikk i midten av helleren. Dette viste sandjord oppblanda med forvitra berg, skjel og trekol. Prøvestikket som var 50 cm djupt, vart ikkje grave ned til steril grunn.