Røysa er 6 m i diameter og kan ha vore 0,5 m høg. Ho er lagt opp på knausen av 0,2 - 0,7 m store steinar/blokker (kanta brotstein). Det er tatt stein frå nordvestre delen til muring av eit firkanta (1,5 x 1,6 m) rom i SO. Røysa er såleis svært omrota. Stein ligg i ein haug på berget nedanfor rommet i O, likeeins i S. Sistnemnde stad er ei 1,0 x 0,5 m stor blokk med ei 0,5 x 0,5 m stor helle oppå. Røysa er tilgrodd med lyng og eine i SV. I V og N veks einebusker inn over kanten. Av den grunn er røysa dårleg markert, men ho er godt synleg i terrenget.