Røysa er omlag 8 m i diameter og kring 1 m høg. Ho er heilt overgrodd av lyng og mose, men i sentrum ligg fleire 0,5 m store mosedekte blokker etter utkasting. I søre delen ligg ei 1,05 m lang, 0,38 m brei og 0,25 m tjukk blokk som smalnar av mot eine enden. Dette er kanskje ein bauta. S for denne steinen er eit 0,6 m djupt søkk og sønnafor finst eit grunnt søkk som måler 0,95 x 0,8 m. Her ligg fleire 0,3 m store steinar/blokker i nordre kanten. Søkka er tilgrodde med mose. Tett inntil røysa i O veks bregne og i røysa står fleire bjørketre. Røysa er dårleg markert, og syner lite att i terrenget. Omlag 10 m S for denne røysa ligg nokre 0,4 m store steinar/blokker på ein avsats. Dette er truleg Fetts fk. 5/2. Det er vanskeleg å avgjera om steinane representerer restar etter ei gravrøys eller om dei er naturens verk då det er umogleg å følgja eventuelle kantar på grunn av vegetasjonen (lyngmark). Men strukturen har truleg ein diameter på 5 m. S for strukturen finst opning i skogen og det er utsyn mot Uggdalseidet.