• 66523-1

    kulturminneid
    • 66523-1
    lokalitetid
    • 66523
    informasjon
    • Helleren er austvend, ca. 15 m lang ved dråpefallet og 4,5 m djup. Høgda frå golvet til taket ved dråpefallet er ca. 5-6 m. Berget skrår innover frå dråpefallet til golvet, men helleren er så høg at ein kan stå oppreist heilt inn til bakveggen. Golvet er heilt plant og fritt for vegetasjon. Men berget kjem opp i dagen i nordenden og framfor berget ligg nedrasa blokker. Golvflata som er avgrensa mot SO av 0,8 m store blokker, fortset ca. 1 m utanfor dråpefallet før det skrår nedover mot sjøen. Kulturjord fanst heilt opp i dagen på golvflata og eit prøvestikk tatt midt i helleren viste mørk kolhaldig jord iblanda ulike typar skjel og stein som syntest skjørbrend. Det er berre grave ca. 25 cm djupt utan at ein kom ned på steril grunn. Lauvtre (or) veks heilt inn til overhenget i berget.I same hamralaget ca. 14 m SSO for helleren er ei 8 x 5 m (N-S) stor flate under berget. Høgda frå golv til tak er 3-4 m. Her blei ikkje tatt prøvestikk. Også 4,5 m NNV for helleren finst ei 12 x 1,7 m (SSO-NNV) stor, heilt plan flate under berget i kanten av dyrka mark. Det er ikkje tatt prøvestikk her heller.
    kommune
    • Tysnes
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:40Z