Røysa er 14 m i diameter og opp til 1,5 m høg. Ho er bygd av 0,16 - 0,5 m store steinar/blokker, men er mykje omrota. Stein er lagt opp i 0,4 m høge vollar rundt kratera. I S er det bygd ein 1,4 m høg varde. Røysa er noko utrasa mot S. Både kratera og kantane er tilgrodde med mose og lyng. Røysa er dårleg markert, men er lett synleg. Kring 30 - 40 m SV for fk. 4 ligg ei konsentrert samling av 0,4 - 0,6 m store steinblokker på ein avsats. Forma er uregelmessig, men breidda kan målast til ca. 2 - 3 m. Mogleg rest av gravrøys.