Røysa er 8 m i tverrmål. Ho er mykje utkasta i den sentrale delen, men røyskanten kan fylgjast heile vegen rundt, og denne kanten er kring 1/4 m høg. Midt i røysa ligg ein knapt 2 m vid, låg dunge med 10-30 cm store steinar/blokker. Den austlege halvdelen av denne dungen ligg fritt i dagen, utan å vere tilgrodd.Røysa er elles tilvaksen med mose og lyng. På vestsida av røysa skrånar lendet bratt ned til sjøen. Elles er ho omgjeven av lyng- og grasvaksen mark med einskilde større steinblokker.