Samling ligg innan eit område som er ca. 80 m NV-SO og ca. 60 m SV-NO. Den austlegaste røysa, fk. 4/1, ligg ca. 120 m SSO for det søraustre hjørnet på utløa og ca. 45 m VNV for det nordlegaste av husa på skytebana. Ho er 15 m i tvm. Høgda er ca. 2 m i S, elles 1,0 - 1,5 m. Røysa er bygd av tildels store steinar. Nordlege delen er noko uryddig, og her er påfylt rydningsstein. Ho er mosegrodd og tilvaksen med lauvtre. Røysa er bra markert og godt synleg i terrenget. Røysa fk. 4/2, som ligg 35 m NV for fk. 4/1, tett O for markavegen, er 17 m i tvm. og ca. 2,5 m høg. Her skal vera påkøyrt ein del rydningsstein. Ho er bygd av til dels store steinar. Overflata er noko ujamn. Midt i røysa er det ei oppmuring, ca. 1 x 1 m vid. Denne oppmuringa må vera laga i nyare tid. Røysa er mosegrodd og det veks bartre og lauvtre i kantane. Ho er bra markert og godt synleg i terrenget. Røysa fk. 4/3 ligg ca. 20 m NV for fk. 4/2. Ho er ca. 10 m i tvm. og 0,5 m høg. I S ligg nokre større steinar i dagen. Ho er elles heilt tilgrodd med mose. Også her er det påført masse, og eit hol i sørlege delen syner mindre steinar inni røysa. Ho er omgjeven av bartre og lauvtre. Røysa er noko uklårt markert og ikkje så godt synleg i terrenget. Røysa fk. 4/4, ligg 90 m SSV for utløa og 20 m NNV for fk. 4/3. Rett S for røysa går ein markaveg. Ho er kring 15 m i tvm. og ca. 2 m høg. Både i nordlege og sørlege delen ser det ut til å vera påført masse. Ho er elles bygd av til dels store steinar og blokker. Steinane er mosegrodde og det veks lauvtre rundt kanten. Røysa er bra synleg i terrenget.