• 66541-1

    kulturminneid
    • 66541-1
    lokalitetid
    • 66541
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Gropene ligg på overflata av ein stein som såvidt stikk opp av jorda. Steinen har i seinare år for det meste vore dekt med grasvaksen bø, men kjem fram i samband med pløying. No er det åker rett nedanfor og grunneigaren hadde difor grave av steinen i det høvet. I samband med registreringa vart heile overflata av steinen frilagd. Steinflata er 1,0 x 0,8 m. Han er orientert NO-SV. På sørvestre del av steinen ser det ut til å vera flakna av eit tunt lag, likevel ikkje tjukkare enn at botnen på gropene synest. Gropene tykkjest vere hogne i 3 rekkjer i steinen si lengderetning. Lengst mot NV går ei rekkje med 6 groper. Parallelt med denne rekkja ligg det på den nordaustre halvdelen av steinen ei rekkje med 4 groper. I mellom desse to rekkjene ligg to enkle groper. Frå midt på steinen mot SV ligg det ei ny rekkje med 4 groper. Heilt i vestre hjørne på steinen ligg ei grop for seg sjølv. 10 cm SO for den midtre rekkja ligg 4 grunne groper i ein halvsirkel. 15 cm O for desse ligg ei grop for seg sjølv og på den nordaustlegaste delen av steinen ligg to groper for seg. Dei 24 gropene er mellom 3 og 7 cm i tvm. og 0,5 - 3,0 cm djupe. 37 m VSV for gropesteinen skal det vera skålgroper på eit fyllittberg, som idag er dekt med grasvaksen bø. Beskrivelse fra Enkeltminne: Gropene ligg på overflata av ein stein som såvidt stikk opp av jorda. Steinen har i seinare år for det meste vore dekt med grasvaksen bø, men kjem fram i samband med pløying. No er det åker rett nedanfor og grunneigaren hadde difor grave av steinen i det høvet. I samband med registreringa vart heile overflata av steinen frilagd. Steinflata er 1,0 x 0,8 m. Han er orientert NO-SV. På sørvestre del av steinen ser det ut til å vera flakna av eit tunt lag, likevel ikkje tjukkare enn at botnen på gropene synest. Gropene tykkjest vere hogne i 3 rekkjer i steinen si lengderetning. Lengst mot NV går ei rekkje med 6 groper. Parallelt med denne rekkja ligg det på den nordaustre halvdelen av steinen ei rekkje med 4 groper. I mellom desse to rekkjene ligg to enkle groper. Frå midt på steinen mot SV ligg det ei ny rekkje med 4 groper. Heilt i vestre hjørne på steinen ligg ei grop for seg sjølv. 10 cm SO for den midtre rekkja ligg 4 grunne groper i ein halvsirkel. 15 cm O for desse ligg ei grop for seg sjølv og på den nordaustlegaste delen av steinen ligg to groper for seg.Dei 24 gropene er mellom 3 og 7 cm i tvm. og 0,5-3 cm djupe.37 m VSV for gropesteinen skal det vera skålgroper på eit fyllittberg, som idag er dekt med grasvaksen bø.
    kommune
    • Ulvik
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2026-05-08T11:04:58Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:41Z