• 66545

    kulturminneid
    • 66545
    lokalitetid
    • 66545
    informasjon
    • Haugen fk. 1/1 er 9 m i tverrmål og opptil 0,5 m høg i vestre kant. Han er heilt torvvaksen og tilvaksen med gras. Haugen er bygd av jord. I nordre kant går det eit gjerde tvers over haugen i retning O-V. I midten av haugen er det eit om lag 1 m vidt og 0,1 m djupt søkk.Haugen fk. 1/2 ligg om lag 4 m O for fk. 1/1. Han er 7 m i tverrmål, opptil 0,5 m høg og bygd av jord. Haugen er heilt torvvaksen og tilgrodd med gras. I midten er det eit 3 m vidt og 0,2 m djupt søkk. Rundt haugen kan ein ana ei smal grøft. Haugen fk. 1/3 ligg tett ONO for fk. 1/2. Han er 7 m i tverrmål og opptil ca. 1 m høg i nordre og austre kant. Haugen er bygd av jord og er for det meste tilgrodd med torv og gras. Han er noko avflata i toppen. Midt i haugen er det eit ca. 1 m vidt og ca. 0,2 m djupt søkk. Midt i søkket veks ein stor rogn.
    kommune
    • Vaksdal
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:41Z