Røysa måler 6 m i tverrmål og er omlag 1 m høg. I sentrum av røysa ligg nokre store steinar, 1,70 x 1 m store. Resten av røysa er bygd av steinar/blokker som er 0,30-0,60 m store. Røysa er tildels mosevaksen, men med mykje stein stikkande i dagen. Ho er noko utkasta. Rundt røysa veks ein del små tre - bjørk og eine.