Røysa er svært øydelagd av sprenging og bygging. Midt i røysa ligg eit skur og i vestre enden står ein ovn nedgraven i røysa. Pipa fra ovnen går inn i huset. Kring røysa går ei grøft oppbygd av stein truleg opphaveleg frå røysa. Grøfta går rundt røysa og igjennom ho i ONO. Røysa er mosevaksen der ho er intakt. Tverrmålet er kring 20 m, mogeleg har det vore større avdi ho er svært plyndra. Byggjesteinane er 0,2-0,5 m store, men det har vore skoten eindel her, så her ligg kvasse større kvadratiske steinar i SV. Røysa er 2,0-3,0 m høg.