Haugen som ligg på ein grasskledd terrasse, måler 12 x 9 m, orientert NO-SV, og er omlag 1,5 m høg sett frå NV. Haugen er heilt dekka av gras og mose. I NV er den klårast markert, elles går han nesten i eitt med bakken. I SO ligg ein steingard. Noko NV for haugen veks ein del eine.