Røysa er kring 14 m i tverrmål og 1 m høg. Ho er for det meste bygd av 0,2-0,5 m store steinar/blokker som er tilvaksne med mose, men i sentrum og i sørlege del av røysa ligg ein del blokker som er opptil 1,5 m store. Midt i røysa er det eit søkk som er kring 6 x 4 m orientert O-V og opptil 0,75 m djupt. Det veks ein del grantre langs kantane av røysa. Røysa er heller uklårt markert og ikkje godt synleg i lendet.