Hellekista er ca. 3 m lang, ca. 0,75 m brei og ca. 0,5 m djup, ligg i retning N-S. Ho er bygd av kantsette heller og har ikkje vore dekt med haug. I sørlege og austlege del er hellene synlege, elles er kista dekt med mose og lyng. Det veks lauvskog, einer og ei stor furu ved kista. Det er utsikt mot SO, skogen stengjer elles mykje for utsikta.