Røysene er no fjerna, men det ligg att restar av hellekister på begge funnstadene. Fk. 3/1 er ei uryddig samling tjukke heller som ligg i eit søkk i bakken. 2 store heller (mogeleg ei av langsidene i kista) ligg NNØ-SSV og er tilsaman 2,2 m lange. Fk. 3/2 er ei mannslang jordfast blokk (NV-SO) som skal ha vore nordlegaste langsida i hellekista. Ikring ligg fleire heller, men dei ligg ikkje i eit synleg system. Frå tunet er det vidt utsyn over dalen.