• 6661

    kulturminneid
    • 6661
    lokalitetid
    • 6661
    informasjon
    • Feltet har ei utstrekning på 100 x 25 m og er orientert VNV-OSO. Røysa fk.nr. 9/1 ligg lengst i NV, 50 m NV for steinmelen. Røysa er kring 8 m i tvm. og 1 1/4 m høg. Røysa er noko skadd i S-e halvdel og her ligg ein del 5-30 cm store steinar/blokker i dagen. På toppen langs N-re kant ligg ein del 30-40 cm store steinar/blokker, moglegvis innpåkasta. Røysa er elles tilvaksen med gras og lyng og det veks tre større rognekratt på henne.Røysa fk.nr. 9/2 ligg 2 m S for 1. Ho er 5 m tvm, og 1 m høg. Langs S-e og O-re kant ligg 40-60 cm store steinar/blokker i dagen. Røysa er elles tilvaksen med lyng og små brake- og rognbusker. Røysa er ikkje utan tvil. Røysa fk.nr. 9/3 ligg 5 m OSO for 2. Ho er 5 m i tvm. og 3/4 m høg, bygd av 40-60 cm store steinar/blokker som tildels er overgrodde av lyng med små rognebusker imellom. Røysa er ikkje utan tvil.Røysa fk.nr. 9/4 ligg ved kanten av steinmelen 10 m SSO for nr. 3. Røysa er knapt 10 m i tvm. og 1 m høg i N. Den N-legaste delen er tilvaksen med lyng og småbusker. Den S-lege halvdelen er noko utkasta og her er eit 2 m vidt og 3/4 djupt søkk. Denne delen av røysa ligg med nakne steinar/blokker, 10-15 cm store.Røysa fk.nr. 9/5 ligg ved N-re kant av steinmelen 20 m O for nr. 4. Ho er kring 10 m i tvm. og godt 1 m høg i N-re kant, der ho er lyngvaksen. Røysa er noko utkasta mot S og innan den sentrale og S-lege delen av røysa ligg nokre 5-40 cm store steinar/blokker i dagen. Overgangen mellom S-re kant og steinmelen er uklår. Røysa fk.nr. 9/6 ligg 10 m OSO for 5. Ho er kring 15 m i tvm. og 1 m høg. N-leg kant er gras-og lyngvaksen. Ho er utkasta mot S og overgangen mellom den nakne fjøresteinen i røysa og steinmelen er uklår. Røysene 4, 5 og 6 er ikkje heilt visst gravrøyser, med dette inntrykket kan skuldast skipling i samband med at dei har vore nytta til fiske pl
    kommune
    • Ålesund
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T18:19:29Z