Røysa fk.nr. 3/1 ligg 15 m NV for Krammarstøa. Røysa er 8 m i tvm. og 0,5 m høg. Ho er noko utkasta S for sentrum. Her ligg nokre 30-60 cm store steinar/blokker i dagen. Røysa er elles dekka av eit tynt torvlag. I røysa veks to store orestuvar og elles mykje småkjerr.Haugen fk.nr. 3/2 er oval 10x8 m, orientert NV-SO og ligg 10 m ONO for nr. 1. Midt oppå ligg ein 70 cm vid flat stein. Haugen er noko skadd i SV-re del. Her og kvar stikk steinar i dagen, men elles tykkjest han vera bygd av jord. Haugen er dekka av eit tynt moselag med noko gras. Høgda er kring 0,5 m. I NV-re kant står ein stor orestuv og elles veks det ein del kjerr på haugen.