• 66688-1

    kulturminneid
    • 66688-1
    lokalitetid
    • 66688
    informasjon
    • Røysa er 9,5 m N-S og 7,5 m O-V. Ho er tilnærma rektangulær i forma. Høgda er på det meste 0,7 m. Ho er klårt markert og tydeleg i terrenget. Her er naken rund stein. Nokre få brakebuskar og bregnar veks i røysa. Steinane er 0,1-0,6 m i tverrmål. I tillegg til desse steinane er det nokre større blokker. Den største av desse er 1,5 m lang, 0,9 m brei og 0,6 m tjukk. I søre delen er mykje stein kasta ut. Midt i røysa er ein liten rektangulær oppmuring av røysstein. Denne er 1,5 m O-V, 1 m N-S og ca. 0,6 m over steindekket elles i røysa. Det er noko tvilsamt om dette er ei gravrøys, eller om det kan vere restar etter ein annan konstruksjon.
    kommune
    • Askvoll
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:50Z