• 66692

    kulturminneid
    • 66692
    lokalitetid
    • 66692
    informasjon
    • Røysa fk.nr. 8/2 er 8 m N-S og 7 m O-V. Høgda er kring 0,6 m. Ho er bygd opp av steinar/blokker frå 0,15-0,6 m i tverrmål. Røysa er godt markert og er tilnærma kvadratisk med jamne, rette sidekantar. For det meste ligg steinane nakne, men nokre av dei er tilvaksne med mose. Det veks nokre brakebusker i røysa. Sentralt i røysa er det eit lite krater. Dette er kring 2 m i tverrmål og 0,5 m djupt. Nedi krateret ligg ei helle, orientert O-V. Hella er ca. 1 m lang, 0,4 m brei og 0,05 m tjukk. I røysa er det dessutan og fire andre heller. To av desse ligg i nordlege del av røysa. Ei av dei er orientert O-V. Ho er 1,0 m lang, 0,5 m brei og 0,1 m tjukk. Den andre hella her er orientert N-S. Ho er 1,0 m lang, 0,6 m brei og 0,07 m tjukk. I søre kant av røysa ligg dei to siste hellene. Den eine er orientert NV-SO. Ho er 1,1 m lang, 0,5 m brei og 0,07 m tjukk. Den andre er orientert O-V. Ho er 1,2 m lang, 0,4 m brei og 0,05 m tjukk.Røysa fk.nr. 8/3 ligg 3 m S for fk.nr. 8/2. Ho er 6 m N-S og kring 12 m O-V. Høgda er kring 0,4 m (målt i O og V). Røysa er bygd opp av steinar/blokker frå 0,15-0,7 m i tverrmål. Ho er noko uklårt markert og ikkje så tydeleg i terrenget. Store deler er utkasta, slik at det i den sentrale delen er mest steinfritt. Tydelegast er ho i O og V, der eit belte av stein ligg att. Ho ser ut til å ha hatt om lag same form som fk.nr. 8/2, med rette sidekantar, men har altså vore meir rektangulær. Breidda på steinbeltet som ligg att i O er 3,5 m. I V er det 4 m. I nordlege del av røysa veks det brake, elles er ho graskledd.
    kommune
    • Askvoll
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:50Z