Røysa er 13 m i tverrmål. På det høgste (i S) er ho 1,8 m. Ho er bygd av steinar/blokker som varierer i storleik frå 0,1-0,7 m. Røysa er klårt markert og tydeleg i terrenget. I den sentrale del av røysa er det eit krater. Dette er 4 m N-S og 3,6 m O-V. Det er djupast i S, der det er 0,9 m. I krateret veks det brake. Det er to klåre innhogg i krateret, eit i den sørlege kanten og eit i den austlege. Innhogget i S er 1,1 m breitt. Breidda på det austre er 1,4 m. I den austlege del av røysa (rett utanfor innhogget) er mykje stein fjerna. Men her ligg ein del blokker, opptil 0,6 m store, som er nyare og må vere kasta opp her då dei bygde vegen.