Samlingi er samansett av :1. Røys, 8-9 m i tverrmål, 0,5 m høg, bygd av kanta fyllittblokker, mange av dei på skap som heller. I øvre kant er påkasta ein del rydningsstein. I midten eit grunt søkk, vel 2 m langt og 1,5 m breitt, der to, vel meterlange, heller er synlege. Dersom dei er restar av kiste, er dei no i alle høve skipla.2. Røys ligg NNO for 1, kant i kant med denne. Ho er 6-7 m i tverrmål, 0,5 m høg, bygd av same slag stein som 1, noko utflata i toppen. Det er mogleg det har stått ein bygning på denne. Tett NV for røysi, i skråningi nedanfor, ligg ei flat, fin helle, 2,5 x 1,3 m stor.