Samlinga er samansett av:1. Haug, (fk.nr. 1/2 i Fett 1954), ligg lengst N, 75 m ONO for låven, 25 m i tverrmål, (ikkje 30, som Fett seier), 3 m høg, bygd av stein med tjukt torvdekke. Fett 1954: "..Avskaven i i toppen og mykje åkerstein innpåkasta, elles uten sår eller skade".Kommentar 29/6-1976: Det er no bjørk over det meste av haugen, men toppen er fri for vegetasjon. I NV stikk det ut ei 3-4 m lang tunge. I SO skjær kanten av eit drivhus haugkanten.2. Haug, 25 m SSO for 1, (fk.nr. 1/3 i Fett 1954), 20 m i tverrmål, 2,5 m høg, bygd av stein med torvdekke. Toppen noko utplanert. Ein del stein er kasta innpå. Det er bjørk over det meste av haugen som elles ikkje synest vera noko endra sidan Fett si registrering.