• 85649-1

    kulturminneid
    • 85649-1
    lokalitetid
    • 85649
    informasjon
    • Treskipa stavkyrkje på grunnstokkar med heva midtrom bore av 14 stavar. Stavkyrkja er av Borgundtypen. Av den opphavlege stavkyrkja er berre skipet bevart etter at koret med apsis var rive i 1880. Langt tidlegare forsvann svalgangane som omkransa skip og kor. I kyrkja dannar stavane rundt midtrommet tette kolonnadar rundt alle fire sider. Svalgangane hadde truleg dvergarkadar. Taka var opphavleg tekka med spon, men fikk skifertekking tidlig på 1800-talet. Ytterveggane har ståande plankar, eller tiler med not og fjør, sett inn i rammer av svillar, hjørnestavar og stavlægjer. Veggane til midtrommet over omgangstaka har og ståande tiler mellom stavane, og i kvart felt er det små runde gluggar, dei einaste opphavlege opningane for lys, med unntak frå dørene. Berre benkane frå mellomalderen langsmed ytterveggane til omgangen er bevara. I austveggen står framleis den stengde opninga til koret som vart rive, overdekka med ein boge i heile breidda til skipet. I hjørnestavane er det innhogg som må vere restar av sidealter frå tida før koret vart utvida.
    kommune
    • Ål
    fylke
    • Buskerud
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    endret
    • 2024-01-06T10:35:05Z
    opprettet
    • 2012-01-06T00:00:00Z