• 86820

    kulturminneid
    • 86820
    lokalitetid
    • 86820
    informasjon
    • Tunet på Tvitekkja ligg sørvendt i Austbøgrend. Sør i tunet ligg loft og bur med bustadhuset midt i mot på nordsida. Ein litt nyare løebygning ligg aust i tunet. Eit tømra uthus vest i tunet tener no som garasje. Ein heilt ny garasje ligg endå lenger vest i tunet. Loft og bur har mellomalderstatus, men buret er temmeleg sikkert frå etter 1537. Bustadhuset er påbygd mot aust. Eldste del i 1. høgd har ovalt lafteverk og det har hatt 3-romsplan. Ein vulstprofil på tømmeret kan tyda på at denne delen er frå seint på 1600-talet eller tidleg på 1700-talet.
    kommune
    • Vinje
    fylke
    • Telemark
    opphav
    • Telemark fylkeskommune
    endret
    • 2025-01-17T11:21:51Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:01:09Z