• 87349-1

    kulturminneid
    • 87349-1
    lokalitetid
    • 87349
    informasjon
    • Røykstova på Grothaugen, kalt Gamlestova, er ei stove med treromsplan med stoverom, forgang og kove og med svalar på langsidene og eit grindbygd vedskjul i gavlen mot aust. Stova er i vestre enden samanbygd med ei noko yngre stove i 2 høgder, kalt Nystova. Den samanbygde lengda står med møneretninga opp-nedover i skråninga. Stoverommet er kvadratisk og har ein storleik på vel 5,5 x 5,5 meter. Det er tømra med grove, ovale stokkar, ovale hovud og novhogget gjort som vanleg raulandslaft. Midt i taket er det ei ljore. Opphavleg var det låge og samanstelte dører, no utan rest etter gamle læsemåtar. Koven er liten og er tømra i eitt med stova. Tidlegare har stova hatt røykomn inntil koven, men uvisst med åre. Under koven er grave ut ein liten kjellar.
    kommune
    • Volda
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2025-12-11T12:50:23Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:03:30Z