Fk. 1/1. Røys på Haugane eller Johaugane halvhundre meter S for tunet, på ein bakkekant Moe SO kort S og O for det gamle Tesdalstunet. Røysa er 20 og 23 m i tvm. med konkave sider, nå 1 1/2 m høg over nordre kant, knapt 3 m over søre. Det har vore tatt mykje stein og det er grunn til å tru at ho har vore 1 m høgare. Men nokon plyndring har her ikkje vore. Det var open stein nedigjennom. Fk. 1/2. Røys på same bakkekanten 2 m O for fk. 1/1. 12-13 m i tvm., godt 1 m høg over kanten i NV, 2 1/2 m i SV. Dekt med tynn torv. Søkk i midten med ei attfylld smal sjakt inne frå SO. Her var berre sett kampestein. Fk. 1/3. Røys ligg tett N for fk. 1/2. 9-10 m i tvm., 1/2 m høg, verkar låg og flat. Ein liten skalk i NV er dyrka bort, røysa synest elles urørd, men noko stein er innpåkasta. Fk. 1/4. Haug 18 m O for fk. 1/3 på same bakkekanten. 5 m i tvm., ligg i skråning så høgda er mest null oppe, med 1 m nede. Bygd som røys med tynn torv på. Midt i står ein stor stein på kant djupt og traust nedi, berre 30 cm synleg høgd, men 1 m brei og 40 cm tjukk. Haugen ser urørd ut. Midt på veks ei rogn. Fk. 1/5. Røys ligg i bakken halvhundre meter SSO og nedanfor fk. 1/1-2, på bnr. 7. 8 m i tvm., nå 1 m høg, utkasta i søre helvt og i midten og steinen ligg over kanten i NO. Tynn torv på. Frå kontrollen i 1999: Fk 1/1 Røys med måla 23 ganger 20 meter, den er vel 1,5 meter høg. Her har opp etter tida blitt tatt ut stein og røysa har vore vel meteren høgare. Denne ligg lengst mot aust ut mot bygdevegen. Fk 1/2 Røys ligg 2 meter aust for fk 1/1, den er vel 13 me