• 96425-1

    kulturminneid
    • 96425-1
    lokalitetid
    • 96425
    informasjon
    • Lokaliteten ser ut til å strekka seg 120 meter aust - vest, og vel 50 meter nord ¿ sør. Det er ikkje prøvestukke i hellaren, men den har truleg vore i bruk etter som den ligg kloss i lokaliteten. Kraftige tørrmurar i hellaren syner at den har vore i bruk i nyare tid. I skråninga like bortan for hellaren vart det i dei snudde massane etter kloakkleidningen funne avslag i grønstein og flint. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein stor buplass. Det er ikkje teke prøvestikk på lokaliteten. Det er grave ei open dreneringsgrøft, og ein kloakkleidning over lokaliteten. I dei oppgrevne massane var det mykje funn i tillegg til at det var ein del funn i profilveggen i grøfta. I dei attgrevne massene etter ei kloakkgrøft var det mykje funn i flata. Dette syner at lokaliteten strekk seg eit godt stykke opp i skråninga mot nord. Dette er ein svært stor lokalitet, med kraftige funnførande sand- og gruslag på opp mot 40 cm. Funnsamansetninga og laga syner at lokaliteten har vore i bruk i fleire tidsperiodar.
    kommune
    • Bømlo
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2006-02-27T12:21:13Z