Her grov eg ut eit eldsted av flatvorne heller, som alle var skjørbrende og låg heilt reintblåsne i fin flygesand. Om her har vore meir omkring veit eg ikkje, for der var nyleg teke sand. Eg tegna ei plantegning og la ut profilen A1-A2 etter at halve eldstaden var utkasta. Det heile var nokså einfelt, 16 små steinar, den største, ei helle 43 x 23 x 4cm, var heilt skjørbrent likeens den runde kvartsitt i søre hjørne. Lagdelinga syner i profil A 1 - A2. Eit kollag, dekt av raudbrun askelignande masse, ligg under steinane og går berre 10-12cm utanfor desse der det tynnar ut og kjem vekk. Det er nok flygesanden som har slipa burt resten av kollaget, den gongen steinane vart innleira i flygesand. Rundt steinlaget vart oppsamla 4 flintbitar. Ein av desse har tydelege bruksspor og grov retusj. Ein oval knolle har vorte delt mot blokk og fått ei eggliknande avspalting i endane, men ingen av flintane har redskapsform, og må difor omtalast som avslag med bruksspor. Kollaget var heilt oppløyst og hadde ikkje heile bitar, så kolprøvar vart ikkje teke. Eg grov ned til 40cm. under steinane uten funn. Det var berre pimpstein i mengder. Så mykje svart pimpstein i flygesand har eg aldri sett, - feltet burde vere granska av kvartægeolog som kunne studere både strandvollen - flygesandhaugane og pimpsteinlaget i desse.