Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Brotet ser ut som ein stor heller 4 - 5 m under dråpefallet, med ein ujamn voll ca. 5 m framfor bergveggen. I N-del av brotet finst fleire spor av bolle-uttak. Denne del av brotet er truleg eldste delen. Brotet er 60 m langt.
Haugen er 40 m i tverrmål og 2 - 4 m høg og er bygd av jord og stein. Haugen ligg i kulturbeite og er grasvaksen. Søre kanten er skoren vekk av silo og veg til denne. I nordkanten står ein mur i O-V retning som berre så vidt rører haugen. Haugen kan vere naturleg, men er mest truleg ein gravhaug.
Røysa er 5 m i tverrmål og 1 m høg, tilgrodd med lyng, einer og nokre furutre. Eit par lause steinar i toppen er det einaste teiknet på at det her ligg ei gravrøys. Røysa må difor karakteriserast som tvilsam.
Fett skildrar steinen slik: Han "havde i mange aar ligget kullkastet", men som eit bronseskilt nå fortel: "Reist av norske soldater 1864. Skutt i stykker av tyskerne under okkupasjonen 1940-1945. Gjenreist av Hordaland infanteriregiment den 6. juli 1949." Han er 4 m høg, 80 cm brei og 20 cm tjukk, nå skøytt saman av to delar. Truleg har steinen stått der han nå står.
Kleberbrotet ligg i ein heller, orientert N-S, 23 m lang og 0,6 - 1,8 m høg. Frå bakveggen i helleren til dråpefallet er det 1,4 - 1,8 m. I helleren er ei kleberåre, tjukkast i søre enden av helleren. I N er åra berre 20-30 cm og går i bakken. Det er i dag vanskeleg å sjå merke etter kleberuttak, men nokre sår kan påvisast i søre delen.
Røysa fk. 1/3 ligg på ein rygg N for stigen, i søre utkanten av skogen. Ho er ca. 14 m lang NNV-SSO og knapt 4 m brei, smalare mot endane, høgd er ca. 0,5 m. Røysa er bygd av stein og jord, men SSO for midten er mest all stein utkasta. Ho er tilvaksen med mose, lyng og nokre små bjørkebusker. Røysa fk. 1/4 ligg ca. 25 m SO for fk. 1/3, på ein bergknatt på den andre sida av stigen som her, der den gjer ein sving rundt knatten, er oppmura av stein. Røysa er ca. 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker som kan kjennast under mosen. Røysa er tilvaksen med lyng, mose, nokre småbusker og einer. I austre del veks det nokre store bjørketre. Røysa er utkasta i kantane. Røysa fk. 1/5 ligg ca. 5 m S for fk. 1/4, på den same bergknatten. Ho er ca. 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. Røysa er bygd av 0,2 - 0,9 m store steinar/blokker som for det meste er mose- og lyngvaksne. På røysa veks det små bjørke-, rogne- og hasselbusker, samt einer i nordvestre kant. I NO veks ein større hassel. Røysa er utkasta i kantane.