Sikringssoner

Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»

Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.


Filter
Sorting
  • 66441-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/66441-1
    kulturminneid
    • 66441-1
    lokalitetid
    • 66441
    informasjon
    • Haugen er om lag 7 m i tverrmål og om lag 0,5 m høg. Haugen er heilt dekt av gras, og ein kan ikkje kjenne steinar under grasdekket. I sentrum av haugen er eit søkk, 1,5 m vidt og 0,15 m djupt. Haugen er godt synleg i lendet, men er heller uklårt markert.
    kommune
    • Osterøy
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:34Z
  • 66442-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/66442-1
    kulturminneid
    • 66442-1
    lokalitetid
    • 66442
    informasjon
    • Røysa er ca. 15 m i tverrmål og ca. 1,5 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker som for det meste er tilvaksne med mose, men stikk i dagen her og der. Nordvestre fjerdedel av røysa er for det meste bortgraven. Det står ein apal i toppen av røysa. Delvis utgraven 1913 (Haakon Shetelig og Einar Lexow), og røysa var då dekt av tynn mosetorv og buskar. 3 m frå vestre kant ei kiste av mura stein, 3,50 X 0,80 m NV - SO. Langsidene møttest i ein spiss i NV, i SO var ein stor gavlstein. Taket var fleire lag heller, botnen aur, men langs langsida i SV var fjell etter ein kant som denne sida var bygd på. B6670 låg på auren i eit 2 - 3 cm tjukt lag jord. Over denne låg eit "temmelig tykt" lag grus og småstein innblanda med nedvaska jord. I 75 cm lengd frå sørvestgavlen var det påfylt større steinar. B6670 a) Tveegget sverd med rester av træskede og rester av træ paa haandtaket. Det har trekantet knap av bronse helt av samme form som B. M. Aarb. 1911, nr. 8, s. 36, fig. 13; knappen er glat med fine linier og rækker av halvbuer langs kantene, fæstet med en nagle i hver ende. Sverdet samlet 86 cm. langt med knappen. Avb. fig. 1. b) Slank tveegget spydspiss, meget sterkt forrustet og knækket i flere stykker. Typen er som Eyvind de Lange. Utgravninger i Hafslo, B. M. Aarb. 1909, nr. 3, s. 24, fig. 20, men forholdsvis enda smalere. Odden mangler, men længden maa ha været ca. 33 cm. c) Spydspiss med mothaker, likesom foregaaende meget forrustet og knækket i flerestykker. Længden er omtrent 36 cm. d) Brudstykke av fem bladformete pilespisser med fal, type som B. M. Aarb. 1904, nr. 10, s. 17, fig. 11. Ingen av dem er helt fuldstændig. e) Smal øks med ottekantet tversnit (Rygh fig. 153), 21 cm. lang. f) Skjoldbule med pig, avsats og skraa rand, temmelig lik den i Evebøfundet, V J G. fig. 254. 11 cm. høi, 16,5 cm. i tvermaal. Da skjoldbulen blev løftet, laa inde i den en jernnagle med halvkuleformet hode hvortil er fastrustet trærester. Den maa ha hørt til haandtaket. g) En smal, ret kniv med tyk ryg, 19,5 cm. lang hvorav tangen er 6 cm. Paa bladet er fastrustet rester av en slire av skind, paa tangen trærester som viser at haandtaket har været længere end tangen. h) Brudstykker av en stor kniv med bredt blad og buet ryg; nu 15 cm. lang men meget ufuldstændig. i) Brudstykke av to smaa syllignende jernredskapermed træskaft, se V J G. fig. 284 og 342. k) Skaar av et spandformet lerkar av løs lermasse sterkt blandet med glimmer. Form og ornamenter er nærmest som Ab. 1904, s. 60, fig. 18. Det har hat jernbaand om randen. l) Skaar av et spandformet lerkar av forholdsvis fast lermasse blandet med glimmer. Form og ornamenter meget nær Ab. 1904, s. 71, fig. 32. Rester av jernbaand om randen. m) Spor av harpikstætning til en trætine og brudstykker av en jernhadde som dog ikke har hørt til samme kar som tætningen. n) Ildsten av graa, skifrig kvartsit, ufuldstændig slepet, av firkantet, flat form, 7 cm. bred, 8,7 cm. lang. Den ene av bredsidene har en dyp og tydelig slipefure, og begge bredsidene en mængde brunfarvete risser og striper efter bruken. o) En liten skive av graa opak flint hvis kanter er ganske sterkt avstøtt, 4,7 cm. lang. Maa utvilsomt være en ildflint. p) Kvartsbryne, flatt med rundslitte kanter, 13 cm. langt Fundet ved Scheteligs utgravning av en rund røis, 13-15 m. i tvermaal, i noget ujevnt terræng saa høiden maalt fra foten i NV var 1,60 m., fra foten i SØ 2,10 m. Røisen var aldeles jordfri av temmelig smaa sten, dækket av tynd mosetorv og bevokset med en del busker. Straks vest for midten av røisen var en gravkiste med længderetning NV-SØ 3,30 m. lang og 0,70-0,80 m. bred. Sidene var uregelmæssig muret av større sten, bunden var dels fjeld, dels aur, og taket var flere lag av heller, hvorav en del var knækket og styrtet ind i graven. Det fremgik av sakenes plass at den begravete har ligget med føttene nær op mot den sydøstre enden av kisten, med sverdet ved venstre side, skjoldet midt over benene, kniv, syl og kvartsbryne ved beltet, spydspissene til venstre for hodet saaledes at stakene har strukket sig ned langs venstre side, og endelig stod lerkar og trækar samt ildsten og flint ovenfor hodet i den nordvestre enden av graven. Pilespissene laa paa sverdet litt nedenfor haandtaket og den store kniven h nær ved spissen av sverdet. (6670).
    kommune
    • Osterøy
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-12-15T21:34:32Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:34Z
  • 66443-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/66443-1
    kulturminneid
    • 66443-1
    lokalitetid
    • 66443
    informasjon
    • Helleren, som vert kalla Auravikhelleren, er om lag 30 m lang, orientert NO-SV. Hellergolvet hallar både mot SV og mot NV. Kulturlag kan påvisast i sørvestre del av helleren. Her er det om lag 8 m frå bakveggen til dråpefallet, høgda er inst inne kring 3,5 m og ved dråpefallet om lag 25 m. Kulturlaget ligg framme mot dråpefallet innan eit grasvakse område som dekkjer kring 3 x 8 m og er orientert NO-SV. Inst i helleren ligg det berg i dagen.
    kommune
    • Osterøy
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:34Z
  • 66444-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/66444-1
    kulturminneid
    • 66444-1
    lokalitetid
    • 66444
    informasjon
    • Tufta er 6,6 x 5,9 m i ytre mål og 4,1 x 4,4 m i indre mål. Tufta er lite synleg. Den austre langveggen er best markert og er bygd av 0,2-0,5 m store steinar/blokker. Den vestre langveggen er bygd inntil ein bergvegg. Det sørvestre hjørnet er utrasa. Eit prøvestikk i sentrum av tufta synte eit 5 cm tjukt, trekolhaldeg, feitt jordlag under 10 cm torv. Det vart funne avslag av flint og kvarts og eit jernfragment i det trekolhaldege laget. Ei 14C-prøve frå laget gav ein alder på 890-1010 år e. Kr.
    kommune
    • Øygarden
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-11-25T13:53:37Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:34Z
  • 66445

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/66445
    kulturminneid
    • 66445
    lokalitetid
    • 66445
    informasjon
    • Feltet inneheld fire hustufter og tre båtopptrekk. Tufta 40C-1 vart registrert til å vera 11,8 x 8,4 m i ytre mål og 7 x 5 m i indre mål. Ho er orientert NNV-SSO. I samband med ei prøvegraving same året vart måla korrigerte til 12 x 8,5 m i ytre mål og 11 x 7,5 m i indre mål. Tufta er godt synleg. Veggfundamenta er bygde av opp til 0.8 m store rullesteinar/blokker. Midt i den nordre kortveggen er det eit 1 m breitt, steinfritt inngangsparti. Sørveggen og det søraustre og det nordvestre hjørnet i tufta er noko utrasa. Det nordnordaustre hjørnet i tufta tangerer det sørlegaste av tre store, paralleltliggjande båtstøer som går frå dagens flomål og austover til ein bratt bergskrent. Under registreringa vart det teke eitt prøvestikk i tufta og under prøvegravinga vart det grave ei rute på 1 m2, begge i sentrum. Det funnførande laget var opp til 40 cm tjukt. Her vart m.a. funne jernfragment, klebersteinsfragment, eldflint og beinfragment. Ein 14C-prøve har gjeve ein alder på 1030-1210 år e. Kr. Dette er den desidert yngste dateringa av dei undersøkte tuftene på Hjartøy. Tufta 40C-2 ligg 7 m vest for tuft 1. Tufta er orientert NNO-SSV og ho er 7,7 x 6,1 m i ytre mål. Ho er tilgrodd med lyng og mose og er dårleg markert. Berre det nordaustre hjørnet er vegetasjonsfritt og syner 0,2-0,8 m store rullesteinar/blokker i veggfundamentet. Eit prøvestikk i sentrum av tufta synte ein 1 cm tjukk, sterk trekolhaldeg horisont under 20 cm torv. Ein 14C-prøve frå denne horisonten har gjeve ein alder på 640-690 år e. Kr. Austre hjørnet i tufta 40C-3 ligg heilt inn til vestre hjørnet i tuft 1 og ho har same orientering som denne. Dei ytre måla er 5 x 5 m. Tufta er svært dårleg markert. Her vart ikkje teke prøvestikk. Tufta 40C-6 ligg like aust for tuft 2 og har felles vegg med denne. Dei ytre måla er 7,7 x 6 m. Tufta er svært overgrodd og lite synleg i terrenget. Her vart ikkje teke prøvestikk. Rett N for tuft 1 ligg det tre parallelle båtopptrekk med felles skiljevegger. Båtopptrekka er bygde ved at rullesteinen er rydda vekk frå den gamle stranflata og lagd saman i fire steinstrenger som utgjer veggene. Båtopptrekket 40C-4 er det sørlegaste. Den søre langveggen i opptrekket tangerer det nordre hjørnet i tuft 1. Den søre langveggen er 11 m, medan den nordre er 17 m. Avstanden mellom veggene er 6 m. I sørveggen er det ein 1,5 m brei opning like NV for N-hjørnet på tuft 1. Denne må truleg tolkast som inngang til båtopptrekket. Nordveggen som også er felles vegg med båtopptrekket ved sida av, er 3 m brei og inneheld stor rullestein. Båtopptrekket 40C-5 har utforming som båtopptrekk 4. Sørveggen er her 17 m lang, nordveggen er 12 m og avstanden mellom dei er 4 m. Båtopptrekket 40C-7 har felles langvegg med båtopptrekk 5, slik at sørveggen her vert 12 m. Nordveggen i dette båtopptrekket er like lang, nemleg 12 m. Avstanden mellom langveggene er 5 m. Båtopptrekka 4 og 5 ligg mellom godt 1 m og opp til kring 2,5 m over dagens middelvasstand.
    kommune
    • Øygarden
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    endret
    • 2025-11-27T14:56:06Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:34Z
  • 66446-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/66446-1
    kulturminneid
    • 66446-1
    lokalitetid
    • 66446
    informasjon
    • Frå Per Fett: Helleristing på Søre Skjeret der det er eit gamalt landfeste for laksenot. Ein figur ligg på ei mest horisontal hylle 8 m frå sjøen og 1,25 m o. h., hylla ligg i eit rettvinkla huk i søraustre hyrne av skjeret. Figuren er berre 15 cm i firkant og har vore kalt ein hakekross, men er heller ein flettekross. Granska 1934 (Olav Espevoll), 1936 (Johs. Bøe), 1968 (Per Fett). Bilete: Shetelig 1934. Mandt 1972 pl. 72.
    kommune
    • Øygarden
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:34Z
  • 66447-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/66447-1
    kulturminneid
    • 66447-1
    lokalitetid
    • 66447
    informasjon
    • Tufta er 7 x 4 m ONO-VSV og ligg i eit dalsøkk med utsyn mot pollen slik at ein høgspentstolpe står midt mot det nordaustre skjeret, 20 m o.h. Tuften ble nærmere undersøkt av K. Randers på begynnelsen av 1990-tallet. Randers konkluderte med at husets funksjon må ha vært som bolig for mennesker. Markerte kulturlagsavsetninger, ildsted, kokekar og rester etter ildflint i store mengder tyder på det. Randers konkluderte og med at hustuften slik den fremstår er rester etter et bolighus fra første del av middelalderen. En romertidsdatering kan skrive seg fra en eldre jernalderfase, men er mest sannsynlig et resultat av avsviing av skog i området i løpet av Romertid.
    kommune
    • Øygarden
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:34Z
  • 66448-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/66448-1
    kulturminneid
    • 66448-1
    lokalitetid
    • 66448
    informasjon
    • Frå Per Fett: Hustuft ligg NV under berget ved den låge grasflata inst i vika O for fk. 15. 5 X 4 m, velhalden.
    kommune
    • Øygarden
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:35Z
  • 66449-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/66449-1
    kulturminneid
    • 66449-1
    lokalitetid
    • 66449
    informasjon
    • Frå Per Fett: Heller, ligg nordvend lengst N på Kollsøy, V for Blomøy, 25 m frå sjøen og 8 m o. h. Han er 8 m brei, 3 m djup og 2 m høg, flatt golv og horisontalt tak. Store steinblokker stenger i V. Prøvestikk 1963 (Egil Bakka) inntil ein steinblokk. Øvst er smalemøk og stein, fra 17 til 70 cm djupn (fjell) er kulturlag. Her låg B 11664, med sølvspenne 20-25 cm djupt.
    kommune
    • Øygarden
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:35Z
  • 66450-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/66450-1
    kulturminneid
    • 66450-1
    lokalitetid
    • 66450
    informasjon
    • Frå Per Fett: Buplass ligg O på Kollsøy opp for ei vik som på draftet er merkt ankerplass. Mot V går eit dalsøkk til ei steinfull flate, plassen ligg V for ein knaus i austre kant av flata. B 11665 oppsamla 1963 (Egil Bakka) over 10 x 3 m N-S der vegetasjonslaget var bortvaska. H. o. h. 15 m.
    kommune
    • Øygarden
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T19:40:35Z