Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Røysa fk.nr. 1/1 er 8 m i tverrmål N-S og 5 m i tverrmål O-V og 1 m høg. Vestre kant er borte. Det ligg ein del innpåkasta stein på toppen, elles er røysa tilgrodd med tjukk grastorv. Det veks bjørketre og einer på røysa.Røysa k.nr. 1/2 ligg 3 m NO for fk.nr. 1/1. Ho er 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. I N-kanta er eit søkk, 1,5 m langt NV-SO opp til 0,8 m breitt og 0,5 m djupt. Røysa er tilgrodd med tjukk grastorv og det veks einer og bjørkekratt på henne. To store bjørketre står i kvar sin kant av røysa.
Samlinga er 45 m lang og 15-20 m brei, orientert NNV-SSO. Røysa fk.nr. 2/1 ligg lengst i N. Ho er 4 m i tvm., 1/4 m høg og har ei 1,5 m vid og 0,5 m djup grop i midten. Røysa er heilt tilvaksen med mose og lyng, berre toppen av to-tre steinar stikk i dagen, men elles kan ein merka steinane under vegetasjonsdekket heile vegen rundt.Røysa fk.nr. 2/2 ligg kant i kant med nr. 1, SSO for henne. Av denne røysa er berre tufta att, men ein kan fylgje ytterkanten bra heile vegen rundt og tvm. er 14 m. Berre i S og N står noko meir att av kantane og høgda av N-re kant er knapt 1 m. I S-e kant ligg nokre 10-40 cm store steinar/blokker i dagen. Røysa er elles heilt tilgrodd med mose og lyng.Røysa fk.nr. 2/3 ligg 10 m SSO for nr. 2, på S-sida av stigen. Ein kan fylgje ytterkantane det meste av vegen rundt med unnatak av i SV. I N og NO er kanten kring 1 m høg. Røysa har truleg vore kring 10 m i tvm. Ho er sterkt utkasta mot SV, slik at røystufta hallar den vegen. Røysa er elles heilt tilgrodd med mose og lyng.
Gravanlegget er orientert SV-NO og er i denne retninga 7 m. SO-NV er det 4,5 m på det breiaste. Høgda er kring 0,5 m, måla i NV. Gravanlegget er samansett av ei kiste og stein som ligg rundt denne. Steinane/blokkene, som er skarpkanta, er frå 0,15-0,60 m i tverrmål. Anlegget er klårt markert og relativt tydeleg i terrenget. Det er for det meste naken stein, men her og der veks litt lyng og gras mellom steinane. I nordaustre delen er det eit stort brakekratt. Sentralt i anlegget er det ei kiste som er orientert same veg som dette, dvs. SV-NO. Fire store heller/helleliknande steinar markerer denne kista. Kista er 3 m lang, 0,6-0,7 m brei og kring 0,3-0,4 m djup. I sørvestre enden av kista ligg ein tversgåande stein som er 0,9 m lang, 0,6 m brei og 0,10 m tjukk. Ved kvar langside ligg ei større blokk. Den nordvestre av desse er 1,6 m lang, 0,8 m brei og 0,4 m tjukk. Den søraustre er 1,3 m lang, 0,6 m brei og 0,2 m tjukk. Kista vert avslutte i NO av ei tversgåande helle som er 1,4 m lang, 0,8 m brei og 0,2 m tjukk. Frå sørvestre endekant av kista ut til kanten av anlegget er det 2,5 m. I NO er denne avstanden berre 1,7 m. Ut for den nordvestre hella i kista ligg nokre heller, mogleg dekkeheller. Den største av desse måler 1,2 x 0,7 x 0,15 m. Ei noko mindre helle ligg dessutan i kanten av anlegget i SV.
Røysa er bygd på eit framskytande nes i bakken, og den eksakte avgrensinga av det som er lagt av menneske er ikkje heilt klår, men tverrmålet er kring 8 m og høgda er godt 1 m. I toppen er eit 3 m vidt og knapt 0,5 m djupt søkk. Røysa er tilgrodd med mose og grastorv, men 15-50 cm store steinar/blokker stikk i dagen over det heile. På vestsida (nedsida) av røysa ligg eit band av 50-100 cm store blokker. Røysa ligg i hallande lende med mykje blokker og til dels jord- og steindungar. Kva som er resultat av jordskred og menneskeverk er vanskeleg å avgjera. Området er i dag beitemark, men har truleg tidlegare vore slåttemark, og ein del av steindungane er nok resultat av rydding. Den registrerte røysa kan såleis ikkje seiast å vera utan tvil.
Bautasteinen er 1,65 m høg over bakken, rombeforma i tverrsnitt med sider 30x25 cm, noko avsmalnande mot toppen. Steinen er heilt lys, nærast kvit på farge, berre lavgrodd på den nordvestre sida og litt nedst på den sørvestre. Steinen hallar litt mot NO.1 m O for bautasteinen er det i nyare tid reist ein annan stein, 80 cm høg, med rombisk tverrsnitt og sider 35x25 cm. Også denne steinen er svært lys.2 m N for bautasteinen ligg ei røys som er 3 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg. Røysa er samansett av 5-20 cm store steinar, ho er lyngkledd på kantane med eit lite sår i toppen. Røysa er truleg eit varp.
Røysa er kring 8 m N-S og 5-6 m O-V. Høgda er på det meste 0,4 m (i N). Ho er bygd opp av steinar/blokker på 0,1-0,6 m i tverrmål. Røysa er dårleg markert og ikkje særleg godt synleg i terrenget. Ein del stein ligg i dagen, men ho er for det meste overgrodd med lyng, brake og mose. Det er eit lite søkk i den sentrale delen av røysa. Dette er kring 1,2 m i tverrmål og kring 0,4 m djupt. Her ligg naken stein.
Haugen er kring 16 m i tverrmål. Høgda er kring 2 m. Han er noko uklårt markert, avdi han ligg på ein naturleg kolle. Men han er samstundes relativt tydeleg i terrenget. Haugen er heilt dekt av gras og torv. Berre ein stein stikk fram i dagen. Han er fin og jamn og verkar urørt.
Røysa som no mykje godt berre er tufta att av, tykkjest ha vore kring 10 m i tverrmål. All steinen er kasta mot S og her ligg 15-40 cm store steinar/blokker nakne i dagen, medan den nordlege halvdelen av røystufta er lyngvaksen.
Haugen er kring 16-17 m i tverrmål og kring 2 m høg. Han er heilt dekka av grastorv og tilvaksen med gamalt gras. I den sentrale delen er det eit godt 1 m djupt krater etter ein tysk luftvernstilling der det framleis står ein 1 m høg støypt pilar. Frå krateret går det to løpegraver, ei mot NO og ei mot SO. I krateret og i veggene i løpegravene kan ein sjå 20-50 cm store steinar/blokker.
Feltet er orientert O-V, 15 m O-V og kring 7 m N-S. Figurane er svært utydelege. Om lag midt på feltet går det eit jernhaldeg vass-sig N-S. Her skal vera 36 figurar, båtar og båtfragment. Kring feltet veks det lyng, brakebuskar og gras.