Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Haugen som vert kalla Vasshaugen, er 10 m i tverrmål og 1,5 m høg. I toppen er det eit N/S-gåande søkk, 3,5 m langt, 2,5 m breidt og kring 3/4 m djupt. Haugen er heilt tilgrodd med mose og lyng. På haugen veks det 15 store osper, rogn- og bjørketre. Haugen er omgjeven av skog på alle kantar, som i S går over i ei myr.
Røysa er 27 m lang, 5-6 m brei og opp til 1,75 m høg (i nordlege del). Ho er orientert NV-SO. I den sørlege enden står ein oppreist stein.På austsida er røysa flekt på langs, særleg mykje i sørlegaste delen. I sørlegaste enden står berre ytterkantane att. Der ligg óg ein del mosegrodd stein framme i dagen. Røysa er elles dekt av tjukk mose- og lyngtorv. Der gror bjørk, rogn og einer på røysa.
Gravrøysa ligg på ein bergknaus. Ho er bygd av mellomstor kampestein, men er nå dekt av torv, mose og lyng og dessutan ein del einerbusker i V-stre del . Røysa er svært øydelagd. I N-kant er det eit stort søkk. Ei helle ligg open i dagen. I V-kant er det eit stort avlangt søkk og ein del stein er her synlege i NV-enden. Røysa er dårleg markert og går nokså mykje i eitt med terrenget. Ca. 10 m i tvm., ca. 1 m høg.
Gravrøysa er bygd av mellomstore kampesteinar. Ho er dekt av mose, lyng og einerbusker. Svært øydelagd. Ein del stein ser ut til å vera brukt til steingarden. Rysa er dårleg markert, men tydeleg i terrenget. Kammeret ligg ope i dagen, men steinen som har danna kortveggen, er i dag fjerna. Det same er dekkhellene; det er mogeleg at dei ligg i steingarden. Måla på kammeret: ca. 3 m 1, ca. 80 cm br., djupn mot bakken ca. 50 cm. Røysa er ca. 8 m i tvm., ca. 1 m høg.
Nedst i den slakke, graskledde skråninga ned mot Timbrevikja, ligg det ei 11,5 m lang og 8,5 m brei samling steinar og blokker. Høgda er om lag 0,5 m. I den O-lege delen av denne stein- og blokksamlinga er det eit ca. 2 m breitt, grunt søkk med 5-15 cm store steinar. Dette kan om mogeleg vera restane frå ei utkasta gravrøys. Noko klar avgrensing på den mogelege røysresten er ikkje råd å finna. Blokk- og steinsamlinga er delvis tildekka med mose, og der veks noko einer og furubusker. I området for utkastet er det naken stein.
Røysa har truleg lege frampå hammaren, men steinar og blokker vantar heilt i den V-lege delen, medan steinane og blokkene i den O-lege delen ligg nedover i ei lita skråning. Røysa har vore bygd rett på berget. Steinane og blokkene, som framleis ligg på røystufta, er overgrodde med lyng. Røysresta er 3,0 m i tvm. og 0-0,2 m høg.
Røysa er 18-25 m i tverrmål, orientert N-S. I N og V er kantane på røysa heller uklårt markerte då her har vore dyrka. Storleiken er difor noko usikker. Høgda varierer mellom 2-3 m. Røysa er delvis tilvaksen med gras, bregner og småbusker og midt i veks to store seljetre. I toppen av røysa ligg ein del store steinar/blokker i dagen. I austre og søre kant vert røysa i dag avslutta av opplagde murar i 2-3 omfar.
Kvernsteinshola er eigentleg inga hole, men eit kring 3 m høgt kvernsteinsbrot i ein bergvegg i ei breidde av 43 m. 8-10 m attanfor bergveggen er så avfallsdungen lagt opp i ei høgd av kring 2,5 m. Hola er med andre ord rommet mellom bergveggen og avfallshaugen. Heile anlegget dekkjer eit område på 45x15 m, orientert VNV-OSO. I botnen på hola ligg eit par knapt 1 m vide kvernsteinar. Kvernsteinssirklar i berget er ikkje synlege. Brotet her kan etter det som er synleg, vera frå nyare tid. Segna vil derimot ha det til at krossen i Korssundet skal koma herfrå.