Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Røysa fk.nr. 1/1 er 18-19 m i tverrmål og 1,7 m høg. Røysa er dekka av grastorv, nokre steinar stikk i dagen i toppen. Langs røysfoten, unntatt i SO, veks det grantre. Røysa er klart avgrensa. Toppen er svært avflata. I midten er det sett opp ei flaggtstong. Tett N for flaggstonga er det reist ein bautastein som er 2,6 m høg, 0,5 m brei og 0,25 m tjukk.Fk.nr. 1/2 ligg 20 m V for fk.nr. 1/1. Røysa er 12 m i tverrmål og 1 m høg. Ho er dekka av tynn grastorv og mose. Det veks småbjørk og grantre rundt heile røysa. I toppen stikk mykje stein i dagen.Ho har eit søkk i sørlegaste sida. Det ligg ei rekkje med steinar ut for røysfoten mot SO.
Fk.nr. 1: Røysa er 15 m i tverrmål, høgda er ca. 1,5 m. Ho er dekka av grastorv, men stein stikk i dagen fleire stader, serleg i toppen. I vestlegaste delen ligg ein bautastein, 3 m lang og 60 cm brei. Røysa har fotkjede.Fk.nr 3/2 ligg på ein bergrygg 5 m O for fk.nr. 3/1. Røysa er 6 m i tverrmål, høgda er 0,3 m. Røysa er dekka av grastorv, stein stikk i dagen nokre få stader. Ein smal stein ligg i N-sida, han er 2 m lang og 0,5 m brei og han er heilt mosegrodd. truleg bautastein. Det er eit søkk i toppen.Fk.nr. 3/3 ligg på ein bergrygg 8 m O for fk.nr. 3/2. Røysa er 13 m i tverrmål, høgda er ca. 1,5 m. Røysa er dekka med grastorv og det veks ei stor einebusk på henne. Nokre steiner stikk i dagen og ein kan sjå steinar under det tunne torvlaget. Fjellknausen utgjer truleg ein stor del av røysa. Ein fin, uskadd fotkjede går langs heile røysfoten. Det er eit søkk i toppen.
Røysa er 20 m i tverrmål og 1,5 m høg. Ho er bygd av 20-50 cm store steinar/blokker og er delvis mosegrodd. I nordvestlege kant er røysa dekka av tynn grastorv, men spreidde steinar stikk i dagen. I søraustlege kant er fotkjede markert av steinar/blokker på opptil 1,3 m. Ein steingard som går N-S skjer røysa i vestlege kant. Røysa ligg i kanten av eit dyrka markstykke.4 m N for røysa ligg mogelegvis resten av røysa fk.nr. 6/2. Ho er i så fall skadd i den vestlege halvdelen. Det er vanskeleg å avgjera om dette er den tidlegare registrerte røysa eller om steingarden som no er dels riven har gått her. N og O for røysa er det tidlegare registrert 7 røyser. Desse er i dag tildels vanskelege å finna då her er sterkt tilgrodd med gras, og i den grad dei kan påvisast må dei seiast å vera svært tvilsame.
Røysa som vert kalla Krikahaugen og som det berre er restar att av, kan vera kring 12 m i diameter. På toppen står ein firkanta grunnmur, omlag 5,0 x 6,0 m, orientert O-V. Muren er restane av ein revegard som vart bygd opp av grunneigar under siste krig. Røysa er i dag full av skrot fra pelsdyrgarden: hønsenetting, treverk og dyrebein. I følgje tidlegare registrering har eigaren fortalt at før grunnmuren blei bygd, låg der ein sirkelrund steinlegging av rundkamp. Tradisjoner seier at dette er ein gravhaug og at det skal ha vore gjort funn her..
Røysa som måler 21 x 5 m, orientert O-V, er bygd av 20-60 cm store steinar/blokker. Ho er omlag 4 m høg og har eit O-V gåande søkk i sentrum som er 5 x 4 m og er 30-40 cm djupt. I N er røysa noko utkasta. Kring veks det eine, furu, rogn og vier. Røysa er lett synleg og klårt markert.
Kleberbrotet ligg i ein heller under ein NV-SO gåande hammar. Fremst i helleren er det kulturlag, men i øvste del er det mykje sauelort. Inne i helleren er det fleire merke etter gryter som er blitt hogne ut av berget.
Røysa som vert kalla Storurdi, er mykje øydelagd av vegarbeid slik at berre vestre halvdel ligg att. Ho er nå om lag 10 m vid og 1 m høg (sett frå V) og syner godt i terrenget. Steinar/blokker, 0,2-0,6 m store, stikk i dagen over alt, men elles er røysa mest grasvaksen. Ein høg eine veks i austre kant.
Haugen som vert kalla Hokleskallen, er ikkje heilt klårt avgrensa, då han er overflatedyrka, men tverrmålet er kring 10 - 12 m. Sett frå V er han kring 1,5 m høg, noko lågare på austsida. Han er heilt tilvaksen med grastorv.
Høgdedraget som vert kalla Husabøen er orientert NNV-SSO og dekker eit område på omkring 300 x 100 m. Myking registrerte her hustuft, gardfar, rydningsrøyser og åkerreiner. Hustufta ligg heilt N på Husabøen, 25 m SSO for ei vasskjelde med støypt lokk. Tufta er svært overgrodd med grastorv og gras. Ho er på det næraste orientert O-V og tykkjest å innehalde eit rom som er 10 x 7 m, der den sørlege langveggen markerer seg som ein graskledd voll og den austlege kortveggen med enkelte steinar som stikk opp i dagen. Frå om lag midt på den austlege kortveggen går ei ny veggline 5 m vidare mot O. Denne vegglina vert markert med ei rast med steinar. Etter tradisjonen var denne tufta heilt klår den gong dei dyrka her.