Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Beskrivelse fra lokalitet:
Dette er ein rein bustadeigedom i eit bustadfelt der det mest er bygningar frå etter krigen. Underbua frå eit loft som opphaveleg sto på Gjerstad i Dyrvedalen, seinare som del av eit bustadhus på Gjerstad vart i 1965 attreist her i Lundarosen som ei frittståande peisestove
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Bygningen er ei frittståande peisestove på ein bustadeigedom i eit bustadfelt. Lafteverket var opphaveleg underbua i eit gamalt loft på Gjerstad i Dyrvedalen. Seinare vart lafteverket nytta opp att i eit bustadhus på Gjerstad, men då forsvann den bakre gavlveggen. I 1965 vart dei 3 attverande veggane attreist som ei peisestove i Lundarosen. Den manglande bakveggen er erstatta med ein vegg murt i skifer.
Samling, en gravrøys og en gravhaug (eventuelt hustuft). I NØ: Fornminne 1: En tilnærmet rund forhøyning i terrenget. Til dels klart markert og tydelig i terrengt. Bygget av jord iblandet rundkamp og bruddsein. Muligens langt på en liten naturlig forhøyning i terrenget. Toppen er helt avflatet og danner et platå, ca 7 m i diameter. På flaten ligger steiner i en firkant, 2,5 x 2 m, orientert VNV-ØSØ. En del betongblokker er strødd utover i S-kant. Jordprøver viser kullrester på ca 60 cm's dybde. I tillegg var iblandet en rustrød masse, som ligner brent leire. Mulig hustuft, ellers rester av en gravhaug med nyere hustuft oppå. Mose med gran rundt. Mål. diameter ca 10 m, høyde ca 0,7 - 1 m. Noe usikkert fornminne. Ca 6 m lenger SV: Fornminne 2: Rund gravrøys. Uklart markert og noe utydelig i terrenget. Bygget utelukkende av rundkamp, dekt med et tynt jord- og mosedekke. Orientert V-Ø, med store skader i N-lig side i form av en rektangulær innskjæring 2 x 5 m Ø-V, 1 m dyp. Dessuten flere merker etter graving i toppen. Stein er i flere år tatt ut av røysa. Røysa er dyperst i N. Tett granskog på og rundt røysa. Mål: diameter 13 m, høyde 1 m. Målene noe usikre pga uoversiktlig vegetasjon og store skader.
Beskrivelse fra lokalitet:
Gardstun med stovehus, løebygning og tidlegare bustadhus. Det tidlegare bustadhuset var eit loftsrom i eit nedrive loft frå Gjerstad i Dyrvedalen. Alle bygningane på Opheim brann i år 1900. Det tidlegare loftsrommet frå Gjerstad vart då kjøpt og nytta som hovudrom i eit nytt bustadhus. Ny løe vart bygd, og seinare bygde dei eit nytt og betre bustadhus.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Hovudrommet i 1. høgd er det gamle loftsrommet frå loftet på Gjerstad. Etter brannen på Opheim i 1900 vart loftstømmeret frå Gjerstad flytt til Opheim og nytta som hovudrom i ein ny bustad. Seinare bygde dei nytt våningshus på bruket og då fekk huset med det gamle loftstømmeret ein meir sekundær bruk. Hovudrommet vart då bu og verkstad, medan resten av huset tidvis vart sekundærbustad. I 1979 vart bygningen ominnreidd, nytt bad nede vart bygd der det tidlegare var eit rom med nokre kister, kjøken stove og soverom vart innreidd på loftet. Lafteverket frå loftet på Gjerstad er stort sett heilt intakt, men vindaugsopninga i austgavlen er mykje større. Dør med profilerte beitskier og dekorerte lafteender er intakt og synleg frå innsida, tildekka med nyare plater på utsida. Dekorerte novarmar er innkledde og det er uvisst om dei framleis er uskadde. Synlege profilerte novendar i nordvestre hjørne er intakte og uskada. Novendane i sørvestre hjørne er truleg og profilerte, men dei er no innkledde. Det kan vera gamalt laft og sperrer frå loftet på Gjerstad i gavltrekantane, men dette er no innkledd. Bygningen var tidlegare rekna som mellomalder (før 1537).
Beskrivelse fra lokalitet:
Gardstun på vestsida av Ringheimsvegen. Løa ligg sørvest i tunet, eit stor eldre våningshus midt i tunet og mellomalderloftet rett framfor dette. Ellers innheled tunet eit eldre uthus og 2 bustadhus
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Loft i 2 høgder med sval på langsidene mot sørvest og nordaust. Underburet har inngang via sval på vegg mot sørvest medan loftet har inngang frå sørvestre hjørne via trapp opp til langsvala mot sørvest. Døra til loftsrommer har boga opning med imiterte trippelsøyler på beitskier og det boga overstykket
Beskrivelse fra Bygg:
Findalslaft
Fornminne: Rund gravhaug, til dels klart markert med fotgrøft, tydelig i terrenget. Avrundet form med til dels bratte sider. Bygget av jord og noe stein. I haugens ØNØ-lige halvdel en ca 4 m i diameter, 1 m dyp grop, som rekker nesten ut til haugens fot i ØNØ. I gropa en ca 0,7 x 0,7 m stor helle. flere jordprøver viste kullrester og kittrester på ca 30 - 50 cm's dybde, midt i gropa. Gressbevokst. Mål: diameter ca 12 m, høyde 1,5 - 2 m.
Fornminne: Rundrøys, noe uklart markert, men tydelig i terrengt. Regelmessig form, trass i store skader. Bygget utelukkende av rundkam og bruddstein. Røysa en del utkastet, særlig i V-lige del, hvor man har flere grunne fordypninger. Den største, og dypese gropa ligger i røysas NV-lige del. Rundkamp og bruddstein er synlige over hele røysa, men størstedelen dekkes av et tynt moselag. På og rundt røysa står flere lauv- og grantrær. Mål: diameter ca 12 m, høyde 1-1,8 m.
Stabburet på Raudstad er enkelt utforma. Det er eit firkanta og tømra rom med dør i gavlen og med ei open sval framfor døra. Ifølgje Arne Berg kan stabburet tidlegare ha hatt funksjon som ei sengebu. Men han hellar mot at den opne svala tydar på at det aller helst har vore eit enkelt forrådshus. Stabburet vart flytta på 1930 - talet. Det opphavelege fundamentet for bygninga er ikkje i dag kjent. Det må ifølgje Berg ha vore etter flyttinga i mellomkrigstida at stabburet fekk den noverande romslege svala av bindingsverk.
"Merke etter konstruksjonen på veggar og syllstokkar (nedste kraftige stokk i laftevegg) sannsynleggjer at det må ha vore ein ståande vegg på kvar side av fronten. Det er uvisst om stabburet har hatt sval på båe sider. Veggane har høge og ovalt utforma stokkar. Novhogget er av typen ein kallar raulandslaft. Det saknas profilering. Om døra ikkje er fornya bør ein tidfeste stabburet etter kriterie som omhandlar gamle låsemåtar. Dørbladet kan tidfestast til å vere frå etter - reformatorisk tidsbolk."
Stabburet er dendrokronologisk datert til kort etter år 1619. Sjå "Norske tømmerhus frå mellomalderen, bind 5", s. 300: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010050603032
Stabburet står i ei høgd. Fram til året 1955 var det oppførd i 1 1/ 2 - høgde. Dette året fekk bygninga ei form prega av sval ved båe langveggane og framfor døra i gavlen. Den tida det var overhøgd på stabburet var det ei trapp opp i svala som gjekk langs tømmerveggen. Rommet i første høgda vart kalla stabbur. På andre høgda nytta ein ofte nemninga "staburlofte" lokalt. Nystova er og eit namn knytta til denne bygninga gjennom åra. Den vekslande nemningsbruken kan tyde på ulike funksjonar.
" Når ein tok ned overhøgda vart bjelkelaget fjerna. Ein behaldt nyare og smalare stokkar, og fjerna dei grovare stokkane. Veggstokkane er tilhogd i endane med tapping inn i beitskiene. Det er tydeleg at det har vore nytta øks. Opningane til vindauga er ikkje særleg gamle. Ein reknar med at dei eldste opningane er utvida over tid, og at det har fjerna spora etter dei første gluggane. Veggstokkane verkar å vere lite berørt av ombygginga. mellom anna er gamle sperrer over stabburet intakt. At beitskiene (karmar, av å bite seg fast, står på kvar sin side av ei åpning. Skal halde stokkar saman. Ofte rikt dekorerte.) ikkje er profilerte, kan og stø tanken om at desse har vorte skifta ut. Sidan så mykje elles er profilert i huset, er det påfallande at ikkje beitskiene er det.
Generelt er det vanskeleg å seie så mykje om den opphavelege forma til stabburet. Men mykje peikar mot at det har stått på ein syllmur eller på novsteinar. På Fram - Saure var det slik at bruksmåten gjorde at det var forrådsrom oppe og sengerom nede, og det skiljer seg frå tradisjonsbruk elles i landet. Oftast var det motsett. Men ein må her skille på sengebud og stabbur. Det er to ulike hus som skal dekke ulike funksjonar."
Det var ikkje eldstad i stabburet. Det grovt tilhogde tømmeret tydar på at ein framleis har hatt tilgong på grov furuskog når stabburet vart bygd. Stabburet er dendrokronologisk datert til kort etter år 1618.
Sjå "Norske tømmerhus frå mellomalderen, bind 5", s. 297: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010050603032