Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Røys nr 11 ligg på toppen av holmen. Ho måler omlag 12m i tverrmål og er omlag 1m høg. Mykje stein med storleik 0,3m ligg oppe i dagen. Ein del steinar er fjerna frå sentrum, så røysa er nokså flat og lav. Frå røysa til sjøen i sør er det omlag 30m.
Røys nr 12 ligg på innsida av holmen, omlag 35m frå sjøen. Røysa er overvakse av lyng og mose, og det er eit søkk i sentrum. Tverrmålet er omlag 6m, og høgda er omlag 0,8m. Det er 30m til sjøen i sør.
Røys nr.1 ligg på ein bergrygg som går i retning V-Ø, når den NV-lege sida av holmen. Ho er synleg pga steinane som ligg oppe i dagen. Høgda er nær 1,5 m. Ho måler 9m i tverrmål i retning N-S, men er noko lengre i V-Ø. Røysa er utkasta i sentrum og søkket er 2,5mx2,5m. Det er omlag 30m til sjøkanten i SV og omlag 50m til sjøen i nord.
Røys nr. 2 ligg 45m SØ for røys nr.1. Ho ligg høgare i terrenget. Like vest for røysa har to mastrer til kraftleidninga stått. Ho er no borte. Røysa er utkasta i vestenden, truleg skyldast dette kraftleidninga. Sjakta er 1,4m brei og 1,8m lang. Røysa er elles heilt overvakse av lyng og mose. Tverrmålet er 8m og høgda er omlag 1,2m. Ho ligg 30m frå sjøen i sør.