Sikringssoner

Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»

Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.


Filter
Sorting
  • 95735-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/95735-1
    kulturminneid
    • 95735-1
    lokalitetid
    • 95735
    informasjon
    • Estimert utbreiing av lokaliteten er sett til 120m2. Lokaliteten har status som kulturlagslokalitet ut frå funn av skjørbrent stein, og artefaktar i eit feitt trekolhaldig lag. Brente bein er ikkje påvist frå lokaliteten. Dyrkningslaget er torvhaldig og ikkje prega av intensivt jordbruk. Det er og gjort funn i dyrkningslaget. Samtlige av prøvestikka på lokaliteten er vertikalt avgrensa av berg. Det er ikkje store synlege forstyrrelsar på overflata, men det er noko uvisst kor stor påverknad dyrkingspraksisen har påført lokaliteten. Det er diganostiske artefaktar frå lokaliteten. ei rekke av avspaltningane på avslagsmaterialet vitnar om bruk av bipolar teknikk, medan einskilde mikroavslag kan indikere flateretusjering. Det mest interessante funnmaterialet frå lokaliteten er grov kvartsmagra keramikk. Keramikken er funnen djupt nede i det funnførande laget, ein indikator på at keramikken høyrer til same fase som det littiske materialet i kulturlaget. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten er 5800 BP. Om ein nyttar ein margin på to meter mellom vassflata og overflata på lokaliteten vert den strandlinjedatert til 4700 BP. Datering av trekol frå KS 18 (prøve 36) ga resultatet 4315+-90 BP (T-15492). Ei akselratordatering frå botnlaget av EK 17 (prøve 73) ga dateringa 5200+-70 BP (TUa-3567). Lokaliteten er difor datert til tidleg- og mellomneolitikum.
    kommune
    • Haram
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2024-01-06T10:43:48Z
    opprettet
    • 2006-01-09T12:07:53Z
  • 95736-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/95736-1
    kulturminneid
    • 95736-1
    lokalitetid
    • 95736
    informasjon
    • Estimert utbreiing av lokaliteten er sett til 100m2. Lokaliteten er definert som ein kulturlagslokalitet ut frå forekomst av kulturlag på berg(!) i alle dei tre prøvestikka som er tatt på flata. Kulturlaget består av skjørbrent stein, i eit feitt - og sandhaldig kollag. Brente bein er ikkje dokumentert frå lokaliteten. Ein stor del av funnmaterialet er påverka av eld. (15%). Kulturlaget er dokumentert i tjukknad frå 25 cm (LIÅ6 og KS17) til 5 cm i, og mellom bergsprekkene i austre utkant i KS 16. Det er ikkje påvist synleg stratifisering innanfor kulturlaget i nokre av prøvestikka. Råstoffbiletet med innslag av skifer indikerer ei datering ti neolitikum. Fragment av slipt grønnsteinsøks kan desverre ikkje sikekrt typologisk tidsfestast, men stammar truleg frå ei firesidig øks (vestlandsøks/meisel). Kjernar, kjernefragment og avslagmaterialet syner at bipolar teknikk er den dominerande reduksjonsmetoden. Strandlinjekurva for området gir lokaliteten ein bakre daterign til 5400 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom vassflata og overflata på lokaliteten vert den strandlinjedatert til 4600. Dateringa frå KS 16 (prøve 35) gav resultatet 3380+- BP (T-15491). Denne dateringa er ikkje i samsvar med det arkeologiske materialet og representerar truleg ein aktivitet (avsviingslag), som anten ikkje finst i funnmaterialet, eller som undersøkinga ikkje har fanga opp. Dateringa frå kulturlaget 50-60 cm under overflata i LIÅ 6 8prøve 74) ga dateringa 4660 +-60 BP (TUa-3568). Lokaliteten er ut i frå ei samla vurdering datert til mellomneolitikum A.
    kommune
    • Haram
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2006-01-09T12:21:41Z
  • 95737-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/95737-1
    kulturminneid
    • 95737-1
    lokalitetid
    • 95737
    informasjon
    • Utbreiinga på lokaliteten er omlag 120m2. Totalt er det tatt fem prøvestikk på lokaliteten. Dei stratigrafiske tilhøva på lokaliteten varierar sterkt mellom prøvestikk som er prega av dyrking og prøvestikk kor kulturlaget er inntakt. Lokaliteten er truleg overflatedyrka ved at mold er henta i torvmyrane og lagt på berga, eit fenomen som er utbreidd på Baraldsneset (Slyngstad 1983). Kulturlaget på lokaliteten er av same karakter som lok 2 men med ein større frekvens av skjørbrent rullestein og større variasjon i tjukknad pga ei meir ujamn bergflate. Det er ikkje funne brente bein, og prosentandelen av brent flint er 15, 5. Ein vestlandsmeisel vart funne i lausmassane ved kisteveita, og daterer lokaliteten typologisk til mellomneolitikum. Bipolar teknikk dominerer, i eit materiale prega av flint i vareiarnade råstoffkvalitet. Den totale mangelen på flekker og flekketeknikk er og eit oppsiktsvekkjande trekk i funnmaterialet. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten er 5600 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom vasskantenog overflata på lokaliteten er lokaliteten strandlinjedatert til 4700 BP. Trekol frå prøvestikk TAW7 (prøve37) synte resultatet 4495+-95 BP (T-15493). Loklaiteten vert ut frå ei smala vurdering datert til mellomneolitikum A.
    kommune
    • Haram
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2006-01-09T13:14:30Z
  • 95738-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/95738-1
    kulturminneid
    • 95738-1
    lokalitetid
    • 95738
    informasjon
    • Hovudkonsentrasjonen på lokaliteten, representert ved 5 prøvestikk med funnfrekvens på over 100 funn, ligg sentralt på flata midt på ryggen og nedover ein skråningskant i nord, nordvest. Nedafor i denne skråninga står ruinane etter den gamle driftsbygningen på garden. Estimert utbreiing av lokaliteten er 300m2. Funnmaterialet i prøvestikka er funne i eit dyrkingslag og i sandhaldig undergrunn. Det er ikkje påvist kulturlag på lokaliteten. Generelt er funnfrekvensen høgast i overgangen mellom dyrkingslaget og undergrunn. Funnspreiingsbiletet mellom prøvestikka på lokaliteten og særskilt mellom stikka med høgast funnfrekvens, gir likevel eit inntrykk av at det finst intakte lommer av primærdeponert arkeologisk materiale tilstades og at den horisontale forflyttinga ikkje er omfattande av karakter. Totalt er det smala inn 1248 artefaktar frå lokaliteten, der 577 er mikroavslag og 491 er avslag. Dianostiske reiskapsfunn er representert ved eit nakkefragment av ei trinnøks i grønnstein og ei tverrpil i flint. Denne funnsamansetninga kan indikere ei datering til siste del av seinmesolitikum. I tillegg er det i prøvestikk GJ 37, som ligg untanfor det sentrale området på lokaliteten, funne ein lansettmikrolitt. Denne representerer truleg eit lausfunn av meir eller mindre redeponert tidlegmesolittisk materiale sentralt på innmarka. Den bakre stranlinjedateringa for lokaliteten 9600 BP. Dersom ein brukar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata ligg lokaliteten framleis ein meter over tapesnivået. Funnmaterialet frå seinmesolitkum er såleis i harmoni med regresjonshistoria.
    kommune
    • Haram
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2024-01-06T10:43:48Z
    opprettet
    • 2006-01-09T13:30:18Z
  • 95739-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/95739-1
    kulturminneid
    • 95739-1
    lokalitetid
    • 95739
    informasjon
    • Funna er gjort både i dyrkingslag og i undergrunn. Hovudkonsentrasjonen på lokaliteten ligg i det søraustre hjørnet av den omlag 120m2 store lokalitetsflata. Lokaliteten er ikkje ein kulturlagslokalitet. Materialet frå MT 26 er funne i eit 40cm tjukt kolhaldig sandblanda dyrkingslag, og vidare ned i eit grusblanda siltlag deponert på berg. Funnfrekvensen er jamn nedover men tettast i overgangen mellom dyrkingslaget og undergrunnen. Ein liknande situasjon er påvist i EK 21. Funna i MT 27 og GJ 21 er frå dyrkingslaget. Det at funna er gjort i dyrkingslaget gir dei ein meir usikker stratigrafisk kontekst, det horisontale biletet av funnspreiinga kan ikkje undersøkinga vår syne. Tilhøvet mellom prøvestikka på lokaliteten, og internt i MT 26, gir likevel eit inntrykk av at det finst intakte lommer av primærdeponert arkeologisk materiale.Det er ikkje gjort tidsdianostiske reiskapsfunn frå lokaliteten, men eit mindre innslag av skifer kan indikere neolitisk datering. Ein høg bergkrystallfaktor (11%) peikar i retning av ei seinmesolittisk datering. Eit proksmalt flekkefragment med tosidig retusj frå EK 21 kan være eit tangeframgment frå ei neolittisk A-pil. Den bakre strandlinjedatering for lokaliteten er 9500 BP, eller 5300 BP om ein nyttar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata. Ut i frå ei samla vurdering vert lokaliteten datert til overgangen mellom seinmesolitikum og tidlegneolitikum.
    kommune
    • Haram
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2006-01-09T13:48:32Z
  • 9574

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/9574
    kulturminneid
    • 9574
    lokalitetid
    • 9574
    informasjon
    • Lengst N i feltet: 1. Rundhaug. Klart markert. Består av sand. Midten urørt, men et sandtak Ø for haugen har tatt en del av den. Bevokst med gras og et lite grantre. D 4m, h 0,4m. 7m S for 1.: 2. Ditto rundhaug. Klart markert med fotgrøft, unntatt i N. Krater i midten, d 2m, dybde 0,8m. Spor etter gravning også i haugens S-lige del. Bevokst med furu og lyng. D 8m, h 1m. Kant i kant og Ø for 2.: 3. Rundhaug. Dårlig markert, lite synlig i terrenget. Krater i midten, d 1,8m, dybde 0,4m. Bevokst med furu og lyng. D 5m, h 0,2m. Noe tvilsom. I skogen SV for haugene; flere fordypninger i skogbunnen. Kan være raserte gravhauger? Kontrollregistrering 2014: To av haugene ble gjenfunnet. Den tredje er nærmest en grop i terrenget Ø for e.minne 2 og er nå ikke definert som gravhaug. Det ble også registrert to kullgroper V for haugene. Imellom gropene er en tredje grop (diam 1,5m, dybde 0,3m). Gropen var uten kullag og ble derfor ikke lagt inn i basen.
    kommune
    • Øvre Eiker
    fylke
    • Buskerud
    opphav
    • KHM, Kulturhistorisk museum, Oslo
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2004-01-27T18:24:14Z
  • 95740-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/95740-1
    kulturminneid
    • 95740-1
    lokalitetid
    • 95740
    informasjon
    • Då det under eit skrint torv - og dyrkingslag låg diagnostisk tidlegmesolittisk materiale, som og definitivt stadvis var in situ, vart det ikkje flateavdekka etter strukturar under dette nivået. Deler av lokaliteten er truleg utpløgd, då det funnførande laget stadvis ligg høgt oppe i undergrunnen og i dyrkingslaget. Det dyrka området vest for tunet på Baraldsneset kan skildrast som ei flintmark. Mykje av funnmaterialet her er "konsentrasjonslaust", dvs det gir inga meining i høve til avgrensa einingar. Einskilde lommer av in situ materiale finst, men desse er nærast uråd å avgrense på ein tilfredsstillande måte med prøvestikking som metode. Lokaliteten er avgrensa i alle retningar av synkande funnfrekvens frå hovudkonsentrasjonen. Estimert utbreiing på lokaliteten er sett til 40m2. Lokaliteten, som ikkje er kulturlagslokalitet, ligg på dyrka mark, under og delvis i, eit tynt (20cm) torv og dyrkingslag. Dyrkingsaktivitet på desse skrinne dyrkingsmassane er truleg årsaken til at funndistribusjonen på lokaliteten , og i området generelt, er noko utflytande. Undergrunnsmassane i området er relativt homogene, og består stadvis hardpakka brungul sandjord med høg frekvens av stein i knyttneve storleik. Funnmaterialet frå lokaliteten peikar retning av preboreal tid. Eit av unntaka er er to avslag skifer, men dei er funne i pløyelaget og det er dessutan uvist om dei i det heile tatt er førhistoriske. Det diagnostiske tidligmesolittiske materialet frå lokaliteten består av fem eksemplar av karakteristiske flintprosjektil, i tillegg til ein stikkel og ein flekkekniv. Reduksjonsteknikken som er nytta er handheldt direkte slag med flintavfall med spiss avspaltingsvinkel som karakteristisk resultat, eit tidlegmesolitisk kjenneteikn. Råstoffbiletet med nærast ein dominas av flint som materiale, peiakr i same retning. Den bakre stranlinjedateringa for lokaliteten gir 10000 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vessflata vert lokaliteten strandlinjedatert til 9800 BP. Ut frå ei samla vurdering vert lokaliteten difor datert til tidlegmesolitikum.
    kommune
    • Haram
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2006-01-09T14:05:13Z
  • 95741-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/95741-1
    kulturminneid
    • 95741-1
    lokalitetid
    • 95741
    informasjon
    • Lokalitet 26 har ei estimert utbreiing på 70m2. Lokaliteten har ikkje status som kulturlagslokalitet. Plasseringa i ei skråning og rett nedafor ei åkerrein/ dyrkingskant gjer at ein i utgangspunktet er noko skeptisk til funnkonteksten. Ei meir omfangsrik undersøkjing, som tildømes ei sjakt gjennom åkerreina ovafor, trengst for å vurdere graden av redeponering og primærdeponering på lokaliteten. Det saknast diagnostiske reiskapsfunn frå lokaliteten. Eit sikekrt og eit mogleg avslag av skifer kna indikere ei datering til neolitikum. Bipolar teknikk dominerar kjerne og avslagsmaterialet, i tillegg finst det smalflekker og flekker på lokaliteten. Den bakre strandlinjedateringa gir 6000 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom lokaliteten, og vassflata ert lokaliteten strandlinjedatert til 5100 BP. Ut frå ei samla vurdering vert lokaliteten datert til tidleg neolitikum.
    kommune
    • Haram
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2024-01-06T10:43:48Z
    opprettet
    • 2006-01-09T14:20:24Z
  • 95742-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/95742-1
    kulturminneid
    • 95742-1
    lokalitetid
    • 95742
    informasjon
    • Lokaliteten, som ikkje er ein kulturlagslokalitet, ligg på dyrka mark, under eit 25-30cm tjukt torv og dyrkingslag. Estimert utbreiin er sett til 50m2. Undergrunnsmassane i området er relativt homogene og består stadvis av hardpakka brunraud sandjord med innslag av stein i knyttneve storleik. Dei funnførande massane i sjakta ligg umiddelbart i overgangen mellom dyrkingslaget og undergrunnen, og har ei dybde på maksimalt 20 cm ned i undergrunnen. I einskilde stikk er det kun restane etter funnførande lag ein kan sjå konturane av i sjaktoverflata. Brorparten er truleg spreia utover av dyrking, dreneringsaktivitet, dessverre har nok og noko av funnmaterialet gått tapt i søkesjaktingsprosessen. Funnmaterialet peikar i retning av tidlegmesolitikum, sjølv om sikre diagnostiske artefaktar frå denne perioden saknast. Avslagmaterialet og kjernefragmen syner spisse avspaltingsvinklar og vitnar om at brorparten av materialet er slått i direkte hard teknikk. Det finst ein fragmentert skiferspiss funnen i undergrunnen i prøvestikk AN34. Ei flekke i fin grå kvartsitt er funnen i sjakt 46. Det finst difor og ein tidligneolitisk fase, av uviss storleik, representert i funnmaterialet. Bakre strandlinjedatering av lokaliteten er 9700 BP. Ut frå ei sama vurdering vert lokaliteten datert til tidlegmesolitikum, men det fins spor etter tidligneolittisk aktivitet på lokaliteten.
    kommune
    • Haram
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2024-01-06T10:43:48Z
    opprettet
    • 2006-01-09T14:35:56Z
  • 95743-1

    https://api.ra.no/kulturminner/collections/sikringssoner/items/95743-1
    kulturminneid
    • 95743-1
    lokalitetid
    • 95743
    informasjon
    • Lokaliteten vart påvist som ein kosentrasjon av flintfunn i dagen under søkesjakting etter jordbruksspor. Då lok 30 ligg i same sjakt som lok 29 er dei stratigrafiske tilhøva på lok 29 og gyldig for denne lokaliteten. Utbreiing til lokaliteten er om lag 20m2. Lokaliteten er avgrensa av negative prøvestikk i alle retningar. Eit fragment av ei skiveøks, indikerar ei datering til tidlegmesolitikum. Funnmaterialet elles består hovudsakleg av større avslag i grovkorna lågkvalitetsflint, eit karakteristisk restavfall etter tidlegmesolittisk reduksjonsteknikk, og då særleg økseproduksjon. Funnmaterialet, verkar særs homogent. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten gir 9700 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata vert lokaliteten strandlinjedatert til 9600 BP. ut frå ei samla vurdering vert lokaliteten datert til tidlegmesolitikum.
    kommune
    • Haram
    fylke
    • Møre og Romsdal
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2006-01-09T14:44:09Z