Sikringssone er definert i kulturminnelovens § 6 og beskrives på følgende vis: «Med til et automatisk fredet kulturminne som nevnt i § 4, hører et område rundt dets synlige eller kjente ytterkant så langt det er nødvendig for å verne det mot tiltak som nevnt i § 3 første ledd. Området fastsettes særskilt av vedkommende myndighet etter loven.»
Sikringssonen skal beskytte det automatisk fredete kulturminnets integritet og plassering i landskapet, samt hindre inngrep og utilbørlig skjemming som nevnt i kml. § 3 første ledd. Sikringssonen er en sentral størrelse når man skal vurdere spørsmål om dispensasjon.
Heller under steinblokk. Restar av omn. Her budde ein fantefamilie, dels under helleren, dels under telt, ca. 1940-1943. Sidan har helleren vore brukt som staurhus. Det er sett opp ein benk under helleren i nyare tid.
Heller under diger steinblokk som står på skrå mot fjellveggen. Fjellveggen er fuktig i regn. Hellerromet går 15m inn. Segn om at berarane sette inn liket av Besse i Knaben her i førreformatorisk tid, og at dei sette frå seg liket av Tòri Olsdotter Knaben her på 1700-talet, over natta, og så bar dei i begge tilfelle liket vidare til kyrkjegarden neste dag. Like nordanfor ligg det ein heller under fast fjell, men med delvis fuktig golv og med mange ølboksar. Den aller eldste kyrkjevegen frå Knaben til Fjotland gjekk forbi her.
Bondehelgenen Besse i Knaben heldt morgonbøn kvar sundag på Tådrehei der Bessestolen ennå står. Det er uvisst om Besse er ein historisk person. Dette med å hengja vottane på solstrålane er ei vandresegn. Grannen: "Besse Knaben er vel den einaste bondehelgen segni veit um fraa vaare kantar. Han kunne faa votterne sine til aa hanga paa solstraalarne. Ein dag fekk han det ikkje til. So tenkte han yver kva synd han kunde ha gjort og kom i hug at han hadde gjenge framum eit bygaks som laag i vegen, og ikkje teke det upp. Han snudde, fann akset og tok det med seg, og sidan var det ingen vande med vottarne. Besse hadde 6 gamle mil aa gaa til Liknes kyrkja, endaa var han fyrste mannen med kyrkja joledags morgon. Men ein joledag sakna dei han. "Han kjem nok, anten daud eller livande", sa presten. Og rett nok! Med dei saag uppetter vegen tok kyrkjeklokkorne til aa ringja av seg sjølve, og daa kom fjotlændingarne med liket hans Besse til Neset. Sume kvindøler trur at Englemonen ovanum kyrkja hev namn av at likfylgjet høyrde englesong daa dei kom dit med Besse. I Knaben er det eit sæte i berget som heiter Bessestolen den dag idag. Der heldt Besse bøn kvar morgon. Paa Hauland i Liknes er Bessebordet. Der heldt han maaltid naar han var til kyrkje."